Ein sein vinter med sporadiske snøfall har sett sine merker på prydplenen til Harald Birkhol.

– Han var spirandes grøn til langt over nyåret. Men så kom det snø, og når den byrja å smelte og sola steikte på snø- og islaget som låg over graset, så kom isbrannen. Det er ikkje mykje å gjere med, men forargeleg er det, seier Harald Birkhol og speidar utover plenen sin frå stovevindauget, og tek ein slurk frå kaffikoppen.

73-åringen er godt kjend for å stelle svært godt med plenen som ligg som eit majestetisk grønt teppe rundt huset hans i Eiksund. Han loggfører kvar einaste klipp i ei eiga loggbok, som han hentar fram og viser underteikna.

– Her står det å lese at fyrste klippen i fjor var 10. april. Det var dessverre ikkje mogleg å gjere det så tidleg i år. Eg har faktisk gjødsla han to gonger, men klippen får eg spare til han ser meir skapleg ut og gradestokken viser fleire varmegrader.

Sylinderklippar

Han let att loggboka og tek med journalisten på ein liten rundtur på eigedommen. Først til garasjen, der han lagrar to flotte sylinderklipparar av merket Briggs & Stratton.

– Dei er ikkje enkle å finne tak i no, men eg har sikra meg nye med jamne mellomrom. Eg har kjøpt og fått alle sylinderklipparane eg har kunna fått tak i. Med sylinderklipparar klipper du faktisk graset. Med andre typar berre slår du toppen av stråa. Det blir eit heilt anna resultat med sylinderklippar.

Gjødsel gjer susen

Både skuleklasser på veg ned frå fjelltur så vel som bilistar på søndagstur stoppar nedfor huset til Harald og kikar og kjenner på plenen når han er på sitt grønaste.

– Somme kjem bort og kjenner på graset, fordi dei lurer på om det faktisk er ekte. Somme meiner hardnakka at det er kunstgras, seier Harald og smiler.

Men kva er så hemmelegheita bak ein plen som så mange stoppar opp for å ta i nærare augesyn?

– Vel, eg sver til gjødsling, såkalla B-gjødsel. Enkelte meiner eg gjødslar nauta mykje. Fjortande kvar dag hiv eg på to bøtter med gjødsel. Til dei som meiner eg gjødslar for mykje svarar eg enkelt og greitt, eg vil ha god vekst i plenen. Det viser seg at dersom ein ikkje gjødslar mykje, kjem mosen kjapt. Så sver eg også til å slå graset heilt ned til, med berre nokre millimeter som står att. Dei seier gjerne at ein skal la det stå igjen 5–6 centimeter, men eg meiner det er feil, seier Harald og legg til:

– Eg har no gjort dette i mange år allereie, og det er dette som har gitt meg ein så grøn og frodig plen kvart år.

Årevis med godt stell

I 1967 kjøpte Harald og kona Oddrun huset i Eiksund. Då dei tok over var graset rundt eigedommen i knehøgd.

– Det graset du ser her i dag er resultat av årevis med godt stell. Det er det same graset som var her for snart 50 år sidan. I starten slo eg graset med ljå for å få det skikkeleg ned til bakken. Så kjøpte eg meg ein klippar. I starten blei det til at eg klipte med handmakt. Men etter kvart gjekk eg til innkjøp av desse gode sylinderklipparane.

Mosen er eit herk for mange som ønskjer å lage til plen. Harald nyttar ingen vedundermiddel eller heksekunstar, men heller god gammal mosefjernar.

– Det fungerer for meg. Før strødde ein gjerne på ein mjølaktig mosefjernar, no går det i pellets. Det har eg hatt på i år også, spesielt kring kantane og under busker. Det er problemområda når det kjem til mosen. Mosefjernar har eg ikkje på så ofte som gjødsel, men litt etter litt. Alt ettersom kvar mosen byrjar å vise seg, seier han.

Plenguruen

Det er også dei som har søkt råd hos Harald om plenstell.

– For eksempel så hadde eg han Måseide (Torbjørn) som fastlege ei tid. Det hendte at mesteparten av legetimen gjekk til prat kring seifiske og sylinderklipparar, så eg blei nøydd til å ha meg ein ny legetime. Det var fantastisk artig, seier Harald og flirer.

Andre meiner Harald burde få seg jobb med å pleie graset til Sunnmøre Golfklubb på Hareid.

– Det har vore mange artige førespurnader og meiningar.

Harald og Oddrun har fem born, og alle har vore pent nøydde til å følgje råda til faren.

– Det har berre blitt slik, for dei veit at det er dette som fungerer. Alle har sylinderklippar og alle er flinke med plenane sine. Eg har laga til plenane deira også, men dei er flinke til å halde dei ved like, det skal dei ha, seier Harald avslutningsvis.

Denne saka var del av Vikebladet Vestposten sitt magasin Hus, Heim & Hage, i torsdagsutgåva denne veka.