Kjell Einar Ljones og kona Jorunn kom flyttande til Hareid som lege og sjukepleiar i 1972. Til jul 1975 flytta dei inn i nybygd hus på Teigane.

– Eg hadde spurt på teknisk etat om der var eit byggefelt med ei stor tomt, og då peika dei på ei hjørnetomt øvst på Teigane. Der hadde stått eit hus med hage frå 1925, men huset var brunne ned, og tomta var til sals, fortel Kjell Einar.

Interessa for hage og blomstrar har han hatt sidan han var liten gut.

– Eg kjem frå eit småbruk i Hardanger, og like ved oss var eit gartneri. Eg trur nok mykje av interessa vart kveikt der.

Kjell Einar er overtydd om at hagearbeidet har vore med på å halde han i form, og i tillegg har det gitt han mykje glede.

I ulike bed rundt om på den store tomta er der totalt eit par tusen løkplanter, og han har heile 30 ulike sortar narsissar.

– Dei første begynner å blomstre rundt 15. april, og det er ei stor glede å gå rundt i hagen å kike på kva som er i ferd med å kome i blomst.

– Full av minne

På eit felt midt i hagen har Kjell Einar anlagt ein heil åker med ulike typar narsissar, kuleprimula og tulipanar. Åkeren er eit overveldande syn når han står i full blomst.

I ei skråning har han laga eit steinbed med vårvortemelk, primula og narsissar, med store iris i bakkant og ein krans av kvite iris frå barndomsheimen til Jorunn på Brautaset i Ørsta fremst.

– Hagen er full av minne. Inntil veggen har eg ei julerose som eg fekk av ei eldre kvinne då eg var lege på Tingvoll. Ho sa at når eg stelte rundt julerosa kunne eg tenke på henne, og det har eg gjort, smiler Kjell Einar.

Ei anna stoltheit er den eldgamle klatrerosa frå ein onkel heime på Ljones.

– Rosa er frå England og kom til Ljones i 1880. Då onkelen min skulle byggje på huset måtte ho fjernast, og han sa eg skulle ta halve rota og prøve om eg fekk ho til å trivast på Hareid. Og det gjekk fint. Når dei lyserosa rosene blomstrar er ho fantastisk flott, seier han – og peikar på rosebuska som veks opp etter eit stakittgjerde. Førebels ser ho litt sjaber ut, men når ho faldar seg ut blir ho eit vakkert syn.

Vemodig

I hagen har han også ei eik frå Ljones, planta i 1975, same året som dei flytta inn i huset. Heile hagen ligg på god og djup matjord, og voksterforholda er gode. Eika har vakse mellom 20–30 centimeter i året.

Eit anna tre som pryder hagen er ein hengealm, planta av dei som bygde det første huset på tomta i 1925.

Sommarstida er trekruna tett som ein paraply og under treet har Kjell Einar fått plassert ei diger helle der han likar å ta kaffien.

– Ein hage må ha mange rom. Ettermiddagane og kveldane er det fint å sitje på oppsida av huset, tidleg på dag får vi morgonsola inn på ein terrasse i fronten av huset, og formiddagane er det fint å sitje under hengealmen, forklarer han.

Narsissar og andre løkplanter har si blomstringstid om våren. For at bedda ikkje skal sjå nakne ut når blomstringa er over, fyller han på med Skaugumbegonia. Han har hatt fleire hundre av dei også, men no er dei fleste gitt bort. Berre ei 8–10 knollar frå ein hage på Sæbø tek han med seg til Ulsteinvik, der han og Jorunn skal bu i ei kjellarleilegheit hos ei av døtrene og svigersonen.

– Klart det er vemodig å reise frå alt dette. Men slik er livet, konstaterer han.

Gode hageråd frå Kjell Einar:

- Er du glad i hagen din går det som oftast fint. Du lærer av feila dine

- Både plenen og løkblomstrane treng kalk og litt fullgjødsel

- Naturgjødsel er godt for stauder og roser

- Om du er interessert i å ha god avling på bærbuskene skal du legge hønsegjødsel rundt dei ein haustdag når det regnar