Fleire og fleire vel å gjere sitt andre år på vidaregåande skule til eit år litt utanom det vanlege. Blant dei er Elise Mjøen Berg frå Ulsteinvik, Abigail Buntu frå Fosnavåg og Jenny Tødenes Erstad frå Hareid bestemte seg for å reise ut og få ei oppleving for livet. Til dei som sit på gjerdet og vurderar å reise til utlandet eitt år er oppfordringa frå jentene klar:

– Berre gjer det!, seier Abigail og legg til: – Dei aller fleste kjem til å ta deg i mot med opne armar i det landet du reiser til. Elise er samd og legg til: – Ta sjansen! Dessutan er det sunt for deg. Du får eitt heilt nytt syn på menneske og lærer deg eit nytt språk og kultur å kjenne.

Vennar og familie for livet

Elise budde i Villa Rica berre ein halvtimes køyring utanfor Atlanta, Georgia, Abigail enda til slutt opp i ein liten landsby med namnet Cashton i staten Wisconsin, medan Jenny var i Linlithgow utanfor Edinburgh i Skottland. Med ulike familiekonstellasjonar i tillegg, hadde dei tre jentene vidt forskjellige opplevingar dette året.

– Eg visste ikkje kor eg skulle reise eller kva familie eg skulle vere ein del av før heilt på tampen. Men eg enda til slutt opp i ein familie eg treivst godt i, med vertsmor, ein vertsfar og ei veslesyster frå Thailand som også var på utveksling, seier Elise.

Abigail vart i utgangspunktet plassert i byen Baker i Louisiana, men då det skar seg med familien der, fekk ho hjelp til å finne ein ny familie i Cashton med ei anna jente frå Noreg som var plassert der.

– Der hamna eg i familie med ei singel vertsmor og ein yngre vertsbror. I tillegg budde vi veldig nærme vertsbesteforeldra mine. Eg flytta frå stor til liten både by og skule, seier Abigail.

Medan Elise reiste med organisasjonen Explorius og Abigail med EF, reiste Jenny gjennom den internasjonale linja til Haram VGS. I lag med ei jente frå Volda, budde Jenny i familie med vertsforeldre som hadde god internasjonal erfaring. Men sjølv om opplevingane til jentene har vore ulike, einast dei likevel om ein ting: – Vi har fått ein andre heim, med vennar og familie for livet, seier dei tre jentene takksamt.

Få året godkjent

På spørsmål om kvifor jentene valte å reise til USA og Skottland, seier alle at dei valte disse landa fyrst og fremst for å få året godkjent som andre året på vidaregåande skule.

– Eg hadde både New Zealand, Australia og USA i tankane, men blei råda til å reise til USA for der var det størst sannsyn for at eg ville få året godkjent, seier Elise.

– Opplegget som Haram VGS har, gjer at vi norske elevane kan vere heilt sikre på å få året godkjent og få dei faga vi vil ha, seier Jenny som tek sikte på å kanskje bli arkitekt.Abigail på si side har alltid hatt eit ynskje om å reise til USA.

– Det er ei kjempemogelegheit å kunne få oppleve eit land på ein heilt annan måte enn om du reiser på ferie. Og ikkje minst å lære at ein kan gjere ting i livet på andre måtar enn her heime, slår Abigail fast.

Utanlandserfaringa har likevel gjort at jentene godt kan tenkje seg å ta andre studiar i utlandet og lære seg nye språk seinare.

Eit nytt kvardagsliv

Store hendingar som Mardi-Gras karnevalet i New Orleans som Elise fekk ta del i eller store fotballkampar i Skottland som Jenny var på, er nokre av opplevingane jentene kan skilte til etter eit år utanlands. Likevel er det som for alle andre flest kvardagar i året. Det å oppleve eit heilt nytt kvardagsliv er kanskje det som er mest sentralt og viktig i eit utvekslingsår. Å gå på amerikansk og skotsk «high school», bruke uniform på skulen som Abigail og Jenny fekk kjenne på eller det å prøve nye fritidsaktivitetar og sportar. Kanskje er det tinga du støyter på i kvardagslivet som gir mest til den modningsprosessen du går gjennom når du er utvekslingsstudent.

– Eg fekk mellom anna ta del i eit lite, men svært solidarisk og sjenerøst samfunn. Familien min var kristen og kyrkja vi gjekk i samla inn mat og andre saker til folk som trengde det. Måten dei hjelpte kvarandre på var berre heilt unik, seier Abigail.

Bli vertsfamilie!

Jentene er audmjuke og føler seg heldige som har fått oppleve eit år utanlands. Dei unner fleire same opplevinga, også dei som sit å ventar på å få kome til Noreg som utvekslingsstudentar. Difor oppmodar dei familiar i området til å bli vertsfamilie.

– Berre gjer det – tenk kor mykje familien kjem til å lære, seier Abigail som har planar om å vere vertsfamilie sjølv i framtida.– Ein blir glad i nokon på ein heilt annan måte, seier Jenny. Elise legg til: – Ta sjansen å bli kjent med ein ny kultur og eitt nytt språk.

<strong>Softball:</strong> Abigail saman med softball-laget ho spelte på gjennom skulen i USA. Foto: Privat.