Bølgene slo og straumen sto rett i mot, regnet traff ansiktet hardt og eg stod breibeint på roret med kompassnåla peikande sørover. Vi hadde forlatt Helgoland og skulle no til Amsterdam då eitt av mannskapet hadde eit fly å rekke. I utgangspunktet tilsa erfaringa at vi burde vente ein dag på veret. Likevel er det kjipt å kjøpe ny flybillett når du først har kjøpt ein. Så no stod eg her i svarte mørket med bølger som strakk langt opp på masta og stilongsen var langt i frå tørr. Eg tok det siste kamferdropset frå heimlandet og holdt meg godt fast.

Ferda frå heimbygda låg no to månadar tilbake i tid. Ferda ned langs vestlandet sitt kystlandskap,forbi Lindesnes og via sørlandsidyllen inn til hovudstaden hadde gjort frontallappen svært fornøgd.Vi hadde funne uforgløymelege bukter, forsert fjelltoppar, klatra, leita etter surf, fiska, bada og sett sola stå opp og gå ned. Segleduken var godt strekt og smilet var trekt langt forbi munnvikane.

Ein ferie i ferien

Komen til Oslo tok ein ei ferie i ferien for å bedrive landlege lyster. Mannskapet mønstra av og nytt kvinnskap skulle mønstre på ei veke seinare. Eg takka for hjelpa langs kysten og i mellomtida sikta eg snuten innom kjende og kjære i hovudstaden. For eitt år sidan var dette min faste tilholdstad. Her hadde eg min jobb og min omgangskrets. Det var før oljesmellen og sluttpakken. I løpet av ei veke i mai 2015 hadde eg gått i frå forberedelsar om å reise til India på serviceoppdrag til å skulle bli lærar på folkehøgskule og flytte til Molde. Det hadde gått fort i svingane med avslutninga, og difor var det stas å være tilbake i kjende trakter.

Veka i tigerstaden gjekk fort forbi med dei siste forberedelsane før langtur og akrobatisk kvalitetstid med vennar. Dagen før den store utreisa ønska eg inspirasjon frå dei store heltane. Turen gjekk difor til museumansamlinga på Bygdøy. Å kome sjøveien var ei sjølvfølge i mitt sinn. Eg betalte meg inn og starta inspirasjonsjakta. Timane gjekk forbi medan eg saug til meg bragdene frå Heyerdal og Amundsen. Litt ut i økta fekk eg ein dårlig kjensle i kroppen og gjekk mot skuta. Der fann eg politiet slepande på Nebukadnesar og ein hissig menneskeflokk på land som gav setningar ein ikkje treng å svare på. «Svanen» skulle visst legge seg til kai der eg låg og difor var politiet tilkalla for sleping. Eg kom i grevens tid før starten på «the journey» ville hatt ein merkverdig tilstand. Ingen båt….ingen seilas. Eg fekk tak på skuta og lot harde ord frå fiffen gli forbi medan eg sikta mot ei tryggare havn for natta.

Utreisedagen frå Oslo var komen. Fem kvinner mønstra på og etablerte sine remedier i skott og skap. Skuta gjekk for motor ut leia, over Blücher, under segl forbi Drøbak, Moss og inn til Larkollen. Her tok vi kvelden på bøye. To kyllingar hadde lagt i steikeovnen dei tre siste timane så det vart raskt klart for eit herremåltid i sundet.

Ferda ut frå Norge og ned langs den svenske skjærgård var idyllisk. Foruten om ei vannlekkasje i anker-brønnen ved Koster gjekk ferda smertefritt. Damene tillærte seg evna å styre skuta og vi fann trivelige stopp for både lått og løye. Etter sju lange og sju breie dagar var vi i Gøteborg. Her forsvann noko av kvinnskapet heimover og ei ny frøken steig ombord. Tydelegvis er året 2016 tida då kvinner vil stå på roret. Mannskapet held sofaen i trygge omgivelsar og uteblir med tidlegare tiders styrke.

Gjennom Kielkanalen

Seglaset susa vidare og vi kom til København fire dagar seinare. Her la vi oss til rette midt i byen og utforska danskane sin væremåte, både i kapitalistisk orientert shopping i Strøget og venstreorientert sosialisme i Christiania. Det var utfordrande på begge sider, men på kvar sin måte. Det første mannskapet steig ombord etter nokon dagar og vi fortsatte reisa ned langs austsida av Danmark, gjennom Tyskland via Kielkanalen og ut til Helgoland, ei lita ferieøy i sørenden av Nordsjøen med taxfree-stemning og glade tyske turistar. Vi fann oss til rette her.

Det å legge ut på langtur har med seg mange segment. Det er alt i frå anskaffelse av mannskap, studere kart, spare opp pengar, erverve kunnskapen som trengst og til sist, men ikkje minst, hoppe i det. Ein lærar undervegs og blir personleg utdanna på mange plan. Det er sikkert og vist.

Mannskapet som er med på ferda ber preg av å ikkje ha segla før. Det fører til kontinuerleg opplæring med min lære-metode. Prøv først - spør/les etterpå. Då har du grunnlag for å stille spørsmål. Eg kastar difor folket rett på roret og ber dei sikta mot neste destinasjon medan eg korrigerer vist fatale feil er undervegs. Nokon lærer veldig fort med denne metoden, andre frys til. Det artige er at skuleflinke personar ofte frys til medan resterande skrider til verket.

Neste siktepunkt no var Amsterdam, og været var av den sorten som ein ofte lar passere med å ligge til havn.

Slusa inn til Amsterdam

Etter to døgn la vi skutesida inn i slusa som skulle føre oss inn til Amsterdam. Mannskapet tok eit kjapt farvel og suste mot flyplassen. Kvinnskapet var igjen på skuta. Vi fann tilholdstad i havna Sixhaven, den trangeste havna i manns minne. Her var det så trangt og grunt å legge til, at metodar for ferdsel måtte vere kreative. På eit tidspunkt måtte vi gjere ein 270 graders sving medan kjølen stod i sandbotn. Det blei gjennomført med diverse tau og fysiske lover i praktisk anvendelse. Det var trossalt ikkje breiare enn mi båtlengde mellom båtane. Ekkoloddet viste 1,6m. Det er 10cm lavare enn kjølen. Men det gjekk greit. Vi la oss til slutt bedagelig inn ved brygga. Havna er trulig den beste eg har vore i fasilitetsmessig og på humøret. Alle var blide og fornøgde og fann stor underhaldningsverdi i kvarandres tilkomstteknikk.

Amsterdam er ein triveleg by, det er sikkert og vist. Vi hadde fire fine dagar her og utforska byen både til beins, med sykkel og til vanns. Dei umoralske tilstellningane i Red Light Distrikt gjer ein tankefull og det åpne hasj-salget er ein tankevekkar. Heime er den slags ulovleg, og dermed blir det rart når ein kan stikke inn på eit «coffee-house» og kjøpe det ein måtte ønske. Vi holdt oss til vanleg kaffi og frisk luft.

Når ein er på seglas rundt Atlanterhavet så må ein merkeleg nok alltid vidare. Denne gong skulle vi via nattkonvoien med stempelkassa gjennom sentrum. Konvoien starta 02:00 og vi blei geleida av ein bruåpnar som kjørte frå bru til bru. Det stilige var å kike rett inn i nattlivet og helse folk god natt.

Kanallivet som vi hadde starta på skulle vare i tre dagar og tok oss gjennom innlandet av

Nederland og ned mot Belgia. Her segla vi gjennom seks sluser og førti bruer. På kvar plass måtte vi vente på åpning, så det gjekk ikkje alt for fort. Dermed fekk vi god tid til å være skuelystne nordmenn og kike rett inn i hagar og kafèar medan dei nautiske milene passerte bak.

På tide å skifte kanal

Etter alt for mange bruer såg vi oss lei av å vente og sikta ut mot den engelske kanal. Med eit kort stopp i Calais durte vi non-stop til Brest. Det blei den største bøygen på reisa til no. Vi runda 400nm i motvind og halvparten av tida i motstraum. I tillegg var skodde eit utprega fenomen med mengder av lasteskip i alle retningar. Desse hadde tåkeluren på og vi var årvåkne for å speide etter deira ferd. Det satte ei ekstra spenning på opplegget at tonen likna krigshorna i Ringenes Herre. Fire heile dagar med hygge!

No er vi kome fram til Brest og ligg for anker ved Camaret-sur-Mer. Her skal vi finne kvile etter lange dagar til sjøs, plukke eit par surfebølger, fiske, kike på delfinar og utforske området. Når alt det er på stell, og vinden bles i rett retning, siktar vi vidare over den berykta Biscaya-bukta.