Schakenda har skrive peparkakebok, og det var den han promoterte under sitt besøk på Bigsetmessa. Her signerte han autografar og trefte på mange kjende og kjære. For Morten vaks opp i Gjerdsvika, og er sunnmøring tvers gjennom sjølv om han har budde lenge vekke. Han har bort i mot blitt ei bakar-superstjerne i Norge, og har gitt ut fleire bøker. Til dagleg kan ein finne han på «Bakeriet i Lom», som han eig og driv. Dette er også plassen «alle» er innom, som stoppar på Lom.

Dette med peparkaker starta med ein spøk, men har no materialisert seg i ei flunkande ny bok.

- Vi var på Litteraturhuset i Oslo og hadde laga til eit eventyr med peparkaker i hovudrolla, litt inspirert av eventyr som «Snikkar Andersen og Julenissen», berre at det blei bakaren og julenissen i staden. I den samanhengen skreiv eg så mykje tekst om peparkaker at det til slutt blei nok til å lage ei bok av det. Det fascninerande er at alt av bakverk som ein har ingefær i, i andre land og kulturar enn Norge, kallar ein gjerne «gingerbread», og det kan konsumerast heile året. Her i landet har det berre blitt til peparkaker, og det skal vere til jul, seier Schakenda.

Boka er proppa full av gode tips og triks, og inneheld 100 oppskrifter på ulike kaker og bakverk ein kan nytte peparkaker til.  Boka er laga i samarbeid med Kate Hagen og John Rørdam, medan Lars Petter Pettersen har teke bileta.

- Litt opp og ned

I august 2011 vart livet snudd opp-ned for Morten. Han fekk diagnosen lungekreft, og den kunne ifølgje legane ikkje kurerast. Det blei funne fem svulstar og ein av dei låg kritisk til med trykk på vitale delar. Denne blei operert ut, og det var det som redda han då, fortel Morten. Han fekk så stråle- og cellegiftbehandling ved fleire sjukehus etter dette.

Over fem år etter er han framleis ikkje kreftfri, og han vil heller aldri bli det. Den siste utviklinga er at han har vore nøydd til å gå gjennom nye operasjonar.

- Eg hadde to operasjonar i hovudet i august og september. Desse er ikkje direkte knytte til kreftsjukdommen, men blei gjennomført fordi eg hadde væskedanning i hjernen, rundt talesenteret og balansesenteret. Men det går eigentleg ganske bra. Eg slit litt med det akkurat no, og blir fort sliten, men alt i alt går det greitt, seier Schakenda, som etter operasjonane har litt problem med talespråket.

Ny bok i emning

Han jobbar framleis på bakeriet, men ikkje på langt nær like mykje som han gjorde i tida før han blei kreftsjuk.

- Eg er å treffe meir på dagtid no, og det merkar eg folk likar, seier Schakenda.

Han kan også røpe at endå ei ny bok er i emning, og denne gongen blir det ei verkeleg stor bok, med endå fleire sider enn bestseljaren hans, «Morten Schakenda – om boller, brød og tilfeldigheter frå Bakeriet i Lom». Bestseljaren er framleis boka Schakenda er mest kjend for, og ikkje utan grunn:

- Den boka har selt i over 50.000 eksemplar, og det er vi sjølvsagt godt nøgde med, seier Schakenda og legg til:

- Men, no er første opplag av peparkakeboka nesten utselt, 4.000 kopiar, og eit nytt opplag i trykken. Det er kjekt å lage bøker når eg veit dei blir leste.

Familiemannen Morten er klar over at framtida framleis er usikker for han, men går til arbeidet kvar dag med friskt mot.

- Ein må berre stå på, seier Morten Schakenda til slutt.