Vi møter Njål Sævik, administrerande direktør i Havila Shipping, i hjørnekontoret hans i det majestetiske kontorbygget «Diamanten» på Mjølstadneset.

Bak ein kontorpult som viser at direktøren har lagt ned mykje hardt arbeid dei siste månadane for å redde reiarlaget, sit ein sindig og reflektert mann. Njål blei administrerande direktør i det andre reiarlaget til familien Sævik, Havila Supply ASA, i 1997. Selskapet gjekk på børs året etter, og hadde den gongen 19 skip i flåten.

Faren Per starta det første reiarlaget til familien, Sævik Supply, i 1981. I 2003 kjøpte Bourbon Havila Supply ASA. Familien starta då sitt tredje reiarlag, Havila Shipping, som altså eksisterer den dag i dag.

Men, det kunne raskt blitt enda på visa også for dette reiarlaget, dersom ikkje Njål, faren Per og dei andre i administrasjonen til Havila hadde jobba knallhardt for å få til ein restruktureringsavtale med kreditorane.

– Eg skulle ut på båt

Njål si interesse for havet og havnæringane har alltid vore sterk. Ikkje så rart eigentleg, sett i lys av at familien allereie var godt etab-lerte som ein aktør innan fiskeri, og seinare offshore, då han voks opp.

– Eg skulle, som dei fleste gutane i Herøy på åttitalet, ut på båt. Det var aldri noko press frå familien om at eg skulle bli sjømann, det var av eigen fri vilje. Rådet heimanfrå var at eg burde få meg ei utdanning, men det var ikkje det som stod først på agendaen då eg var 15 år. Eg reiste på sjøen saman med nokre onklar av meg, både som lettmatros og fiskar.

Draumen var å bli skipper.

– Etter styrmannsskulen var eg ute på havet eit par år, hovudsakleg som styrmann. Men så byrja eg på høgskulen i Ålesund, og tok den vegen i staden for. Det har eg ikkje angra på, sjølv om eg sjølvsagt saknar å vere på havet innimellom.

Njål tok eit år til på høgskulen, der han studerte administrasjon og leiing.

– Eg såg ikkje eigentleg føre meg å bli landkrabbe, då eg likte meg godt på sjøen. Men, spesielt etter at vi kjøpte Viking Supply i 1996 og børsnoterte det som då heitte Sævik Supply, byrja eg å involvere meg meir på kontoret då eg var heime frå sjøen. 15. januar 1997 var min siste dag på sjøen, og sidan har eg vore landkrabbe. Etter dette har det berre blitt prøveturar med nye båtar og ferjeturar, seier Sævik og smiler.

Pappa Per som læremeister

Sævik blei meir og meir involvert i drifta av reiarlaget. Han byrja først i HMS-avdelinga, så på frakt og operasjon. Same året som han gjekk i land for godt blei han administrerande direktør for reiarlaget.

– Eg blei eigentleg formelt leiar då Havila Shipping blei etablert i 2003, men i heile perioden før, frå då eg gjekk i land av, jobba eg i tospann med pappa Per.

Njål meiner det har vore heilt avgjerande å ha faren Per som læremeister. Noko han set ekstra pris på no som reiarlaget går gjennom sin tøffaste periode nokosinne.

– Det har sjølvsagt sine fordelar og ulemper. Det utfordrande med det er at ein må evne å skilje dei formelle og private rollene. Men eg føler vi har fått det godt til. Så er pappa ein person som gir folk ansvar, både til meg og til andre i selskapet. Vi har fått stor tillit, her er forholdsvis høg takhøgde, og det er lov å gjere feil, så lenge ein lærer, seier Sævik.

Tøffe tak

Nyleg klarte Havila å få i hamn ein restruktureringsavtale med kreditorane sine, etter at obligasjonslåneigarane først stilte seg på bakbeina og nekta å godta framlegga til Havila. Etter knallhardt press frå bankane måtte obligasjonslåneigarane til slutt gi seg. Med det er Havila sikra vidare drift fram til 2020.

– Vi har stor respekt for ønskja til alle partar, men no får vi redda selskapet. Reiarlaget er framleis inne i ei knalltøff tid. Vi har halde  på ei stund, og allereie i fjor haust byrja vi å snakke med bankane om restrukturering. Vi såg at det ville bli tøft, men vi må innrømme at det har blitt langt tøffare enn vi først såg føre oss. Det er utfordrande, tidkrevjande og ressurskrevjande prosessar, og det går gjerne utover det ein først og fremst bør ha fokus på, å skaffe arbeid til våre tilsette, seier Njål og legg til:

– Heldigvis har vi svært flinke medarbeidarar i Havila som evnar å sjå løysingar framfor problem. Det var tøft under krisa på 1980-talet, men det vi ser no er av ein heilt annan skala. Det er større verdiar og fleire arbeidsplassar involvert.

Njål seier at det tøffaste i denne perioden har vore å sjå mange dyktige medarbeidarar måtte forlate jobbane sine.

– Vi er eit lite samfunn her ute i havgapet, og vi kjenner kvarandre. Det er tøft å møte tidlegare tilsette på butikken eller i andre samanhengar, men dette er ein del av det å vere leiar for ei bedrift. Ein må ta tunge val, sjølv om ein ikkje likar å ta dei, seier han. Havila hadde på det meste over 800 sjøfolk og nesten 50 i administrasjonen. No er det snart 9 av 26 skip i opplag, og det vil vere igjen rundt 300 sjøfolk og færre tilsette også i administrasjonen.

Koplar av med familien

Familien betyr mykje for Njål. Han har ein stor familie rundt seg, og koplar best av frå ein tøff jobb i ei tøff tid saman med sine kjære.

– Eg prøver å få tid til familien. Dei er heilt sentrale i livet mitt, og ingenting av det eg elles gjer hadde betydd noko utan dei. Storfamilien har ein båt, som blir mykje brukt om sommaren. Vi har også hytte på Strandafjellet som vi reiser til så ofte vi kan på vinteren. Så juleønsket mitt for i år er ein meter med puddersnø, seier Sævik til slutt.

Fakta om Njål

Fødd 29. august 1969.

Gift med Ingunn. Dei har tre born, Emma, Iver og Aurora.

Utdanna innan nautikk og administrasjon og leiing ved det som i dag heiter NTNU i Ålesund.

Har saman med resten av administrasjonen i Havila Shipping lukkast i å få godkjenning for ein restruktureringsavtale med kreditorane, som held selskapet flytande fram til 2020.

Her er Njål med pappa Per og dottera Emma, som var gudmor under dåpen av "Havila Phoenix" for nokre år tilbake. Foto: Arkiv/Ingvild Myklebust.