Eit bilde hadde sett heile greia i gang. Eg måtte ta turen til Gambia River og segle inn i ukjent farvatn. Noko anna var utelukka. Det vart dermed tidleg i planlegginga av seglasen klargjort kva som måtte ordnast før vi skulle sige innover Gambia River.

Nokre år seinare kunne eg stå på frontdekket og speide. Svære delfinar helsa meg velkommen inn og eventyret på ukjend grunn kunne starte.

1000 nautiske mil og ni dagar på havet

Vi la ut frå Las Palmas med nytt mannskap om bord og passerte sakte men sikkert ned langs Vest-Sahara og Mauritania. Dagane var spekka med dyreliv og ulike segleforhold. På ei av nattevaktene sat eg roleg på aktervantet og naut synet av stjerneskotaa på himmelen. Plutseleg smell det meg rett i trynet. Like etter ligg det ein svær flygefisk om bord og sprellar. Vi klipte vingane av og fresa han i panna.

Ny fangstmetode etablert, trynefiske.

Vi fekk fast følge av delfinane på ferda. På dagtid stakk dei gjerne innom på korte visitt og om natta susa dei i morildflammar framføre baugen. Av og til kunne vi høyre dei jage vekk større sjødyr i forkant. Vi følte oss beskytta på ferda.

Ein av dagane plystra eg på ein passerande flokk så dei vende snuten mot skuta. Eit hundretals delfinar susa med høg fart og luftige hopp. Det var feststemning på havet og vi hylte av naturglede. Nokon av dagane trefte vi på svære spermkvalar eller skilpadder som dura forbi. Flygefiskane susa stadig langs skutesida.

Etter ni dagar på havet med vinden frå både akter, styrbord, babord og rett i baugen var vi kome til Dakar, Senegal. Vi slapp ankeret ved Baia de Hann og klarerte oss inn i landet.

Surf ved NGOR, Senegal

Ved øya Ngor like nord for Dakar fann vi draumeforhold for bølgeferdsel. Eg og min surfeglade kamerat hadde heile staden for oss sjølve og nytta solide dønningar i dagevis. Eg har personleg aldri surfa så deilige bølger før og var naturleg nok i ekstase. Dette slutta etter fem dagar då eg møtte botnen og fekk svære piggar frå ein kråkebolle penetrert inn i foten. Ein behjelpeleg samaritan pirka ut meste parten med nål og batt opp med bleikemiddel. No ein månad seinare er stort sett alle piggane ute og ingen infeksjon har funne stad. Så bleikemiddel, folkens. Det fungerer!

Korleis få stempel i passet?

Etter å ha forlate Senegal til fordel for Gambia møtte vi eit meir trått system for innklarering til landet. Senegal hadde vore tidkrevjande, men her i Gambia var det eit anna spel. Vi hadde førebudd oss med smørjemiddel da dette skulle vere normal framgangsmetode. Vi møtte etter audiens på fem forskjellige kontor, fleire ark med stempel og inne i den sjette timen møtte vi på stereotypen vi hadde venta på. Ein svær kar med veldekorert brystlomme, fleire hakk på nakken og med pilotbriller planta på den breie nasen. Han stirra oss rett inn i kvitauget og presenterte spørsmåla på rekke og rad. «How much heroin did you bring?» «Do you have guns?» «Four men and no guns?»

Nokre timar seinare hadde vi klarert inn i landet, fått levert frå oss nokon DVD-plater, blant anna «Sex og singelliv – sesong 5» (madammenes båtfavoritt), litt sigarettar og ein liten klunk med Dalasi. Vi hadde no fått stempel i passet og løyve til å farte oppover i Gambia River.

AK47 – You are a spy!

På veg opp ei sideelvane med namnet Bintang Bolon fekk vi oss ei nervøs hendig av dei store. Ut frå mangroveskogen dukka det plutseleg opp ein hurtiggåande båt. På framdekket stod ein svær kar klar på mitraljøsa og bak sat seks karar med AK47. Vi var under sikte og blei snart etter borda.

Heldigvis var det sjøforsvaret, så ran og den slags vart fort utelukka. Eit av mannskapet på Nebukadnesar synst det var verdt å filme hendinga, men blei oppdaga. Det resulterte i spionanklager og AK47 i alle retningar. Etter finurlege forklaringar om entusiasmen hans for fugl og filming forlét karane oss. Det siste tilropet var: «I dont trust you Filip – you are a spy!». Vi såg heldigvis lite til representantane frå sjøforsvaret under resten av opphaldet.

Gambia River

Målet med å reise så langt vekk var blant anna å nyte synet av ville dyr ein ikkje har i skogane heime. Dei tre store ønska var apekatt, flodhest og krokodille i sine naturlege omgjevnader. For å kome til egna destinasjon i elva måtte vi gjennom fleire hinder. I store delar av elva var det tjukke tau som sperra passasjen. Dei lokale festa fiskenetta sine i desse. Vi ville forbi utan å øydelegge. Dette løyste vi med å vektlegge tauet med ankeret, passere over, plukke opp ankeret, og fortsette vidare. Vi passerte om lag tretti slike tau. Andre utfordringar var alle insekta. Den verste malariatypen herja i området så vi var godt medisinerte, spraya oss morgon og kveld samt sov under myggnetting.

Likevel var det umogleg å ikkje få tallause stikk. Tre av dagane var skuta dekka med eit teppe av sandfluger og andre raritetar. Sandflugene er mindre enn knotten heime og biter seg fast over alt og er svært irriterande. Vårt beste forsvarsmiddel vart å fyre opp sigarettar og sitronrøykelse. Det heldt oss unna den verste horden og heldt sveittelukta blant mannskapet på avstand.

Vi kom oss eit godt stykke oppover i Gambia River. Heile ferda på elva var vi åleine som seglebåt.

Pirogane med lokale fiskarar var det mengder av. Ved Pappa Island om lag 130nm oppover i elva fekk vi tatt jolla ut på safarisuksess. Vi dura mellom tett mangroveskog og gjennom store sivområde. Eit godt stykke innover i elveløpet oppdaga vi vralting i sivet. Truleg frå ei krokodille. Like etter flykta eit par apekattar frå treet over oss. Så høyrde vi store bevegelsar i sivet lengre framme. Like etter svømte fem flodhestar framføre oss på ti meters hold. Litt etter kom ein siste symjande. Det var fulltreffar og naturglede i ekstase.

Retur ut elva

Vi fortsette litt vidare oppover i elva, men begynte å gå opp for tid da noko av mannskapet skulle flyge heim frå Banjul. Vi returnerte difor ut elva i løpet av tre dagar og hadde korte stopp hjå lokale stammer.

Ved James Island stoppa vi for å ta innover oss litt historiekunnskap. Her var det i gamle dagar stor handel med slavar som seinare blei frakta over til det amerikanske kontinent. Historiene som har gått føre seg her er både spennande og utruleg grufulle. Kolonimaktene har kriga om det strategiske punktet i elva, piratar har herja og slavar har blitt skipa ut i store mengder. I dag er øya ein ruin og minkar stadig på grunn av erosjon frå elva.

Vel framme i Banjul tok vi farvel med ein i mannskapet. Dagane etter fekk vi skuta klar for kryssing til Kapp Verde. Senegal og Gambia var eit eventyr utan like og eg var strålande fornøgd med forlate det eheile frisk som ein fisk.

I desember er det den store dammen som står for tur. Det er 2200 nautiske mil over og forhåpentlegvis er vi framme før julaftan.