John Osnes og Lars Omenås er kjende og kjære namn for både bøndene i regionen og andre husdyreigarar. Gjennom fleire tiår, dei fleste av åra saman, har John og Lars jobba for velferda til dyra i dei fire kommunane Ulstein, Hareid, Herøy og Sande.

Gradvis nedtrapping

Dei siste åra har duoen gradvis trappa ned, og over nyttår går begge av med pensjon.

– Vi har ikkje vore med for fullt dei siste åra, men vi har framleis gått vakter. Det blir rart å slutte heilt, men det blir godt også. Vi har heldt på med dette lenge nok no, seier dei to.

Osnes og Omenås møter Vikebladet Vestposten i dei flotte lokala til Veterinærkontoret, i Saunesmarka i Ulsteinvik. Her møter vi også på arvtakarane etter duoen.

– Det er godt å vite at det er kompetente folk som allereie har tatt stafettpinnen med seg vidare. Vi to har delt kontor i både gode og vonde dagar, for å seie det sånn, gjennom mange år. Men, gjennom todelt vakt i nesten førti år, har vi ikkje krangla ein einaste gong. Vi har vore som eit gammalt ektepar, seier John og Lars smilande.

Tok over etter Eide

Fram til i 2004 var det distriktsveterinærar kring om i heile Norge. Då blei alle stillingane nedlagde, og Mattilsynet blei til. Lars Omenås hadde fram til då vore distriktsveterinær, men blei oppsagd. Han fekk valet mellom å jobbe i Mattilsynet eller å praktisere innanfor det private, men valde å jobbe for førstnemnde. Samstundes har han heldt fram med å gå vakter saman med kollega John.

– Eg har vore i Mattilsynet dei siste ti åra. Men eg har framleis gått vakter. Eg og John har alltid delt på vaktene, og det har vore både gode og tøffe tider. Men, vi har klart det saman, gjennom mange år, seier Lars.

Både Lars og John gjekk på Norges Veterinærhøgskole, med eitt års mellomrom. Lars var ferdig i 1972, medan John gjekk ut frå skulen i 1973. Men, allereie i 1971 byrja Lars Omenås på sin første periode i Ulsteinvik. John kom tilbake til bygda året etter av same grunn.

– Distriktsveterinærane den gongen hadde ikkje avløysarar, så då gjekk vi inn og hjelpte til, i kvar vår periode, seier Lars og John.

Etter dei begge var ferdige med skulegongen skulle dei faktisk ikkje jobbe saman på over eit tiår.

– Eg hadde praksis på Jæren i over 11 år. I 1984 kom eg tilbake til Ulsteinvik og erstatta tidlegare distriktsveterinær Gunnar Eide, og jobba då saman med John, som på dette tidspunktet hadde vore i Ulsteinvik som kommuneveterinær sidan 1979, seier Lars.

John var amanuensis og forskar ved distriktshøgskulen i Bø i Telemark ein periode på midten av 1970-talet. Både John og Lars var, i kvart sitt år, medlem av kløvkompaniet i Hæren, og jobba då naturlegvis mykje med hest.

Jobba mykje med oppdrett

Oppdrettsnæringa gjorde sitt inntog på Sunnmøre rundt tida då John og Lars begge var i sving saman, den første perioden.

– Dette var før vaksinen si tid. Men vi gjorde det vi kunne med dei metodane og utstyret vi kjente til. Det var andre tider, så absolutt, seier dei.

I dag er det ikkje antibiotika i bruk i oppdrettsnæringa, men det blei flittig brukt i tidlegare tider.

– Vi har skrive ut vår del antibiotika til oppdrettsnæringa, det er det inga tvil om, seier Lars og John.

Gjennom Mattilsynet-jobben dei siste åra har Lars Omenås mellom anna vore ansvarleg for fiskehelse.

Frå ku til katt

Dei begge har vore med på mykje, og tidlegare var det langt meir arbeid innanfor landbruket i regionen. Langt, langt meir.

– Vi gjekk vakter, dag og natt, fordelt på berre oss to. I dag hadde det vore veldig spesielt, men den gongen var det slik det var. Det blei mellom anna litt amputerte sosiale relasjonar når vi var så mykje på jobb, og i så forskjellige periodar. Det var eit hav av husdyr, og ikkje ei driftsbygning utan dei. Dei som ikkje hadde mjølkeproduksjon hadde kjøtproduksjon. Vi var nesten ikkje i seng i lengre periodar. Vi kunne godt vere ute på fødselshjelp to-tre gonger på ei natt, seier John Osnes og flirer.

I dag er det derimot snudd heilt på hovudet.

– I dag er det snart ikkje husdyr igjen. Det er hund og katt det går i. Vi har delvis måtte omskolere oss frå å vere nesten reine husdyrlegar til å bli kjæledyrlegar. Det har vore ei dramatisk omstilling, men det har gått heilt greitt, seier Lars Omenås.

Veterinæryrket var også tidlegare eit nesten reint mannsyrke, medan det i dag er langt fleire kvinnelege studentar enn mannlege, fortel Omenås.

Gir skryt til bøndene

Det har vore store forandringar i sjukdomsbiletet innanfor landbruket dei siste tiåra, og det kombinert med nedgangen i talet på landbruk totalt sett har gitt dyrlegane mindre arbeid innanfor denne næringa.

– Vi ønskjer å gi bøndene skryt, for dei aller fleste i dag er svært profesjonelle. Det er ikkje berre, berre å vere bonde i dag. Ein må vere økonom, biolog og mykje anna i ein og same person. I vårt virke som dyrlegar kom vi tett innpå bøndene, og vi såg både dei som sleit med å få ting til å gå rundt økonomisk og folk som sleit med psyken. Det er eit einsamt yrke å vere bonde. Det er mange færre av dei i dag, og vi kan forstå dei som har valt bort yrket til fordel for til dømes industrien. Du går ikkje tilbake til arbeid sju dagar i veka, natt og dag., om du først har gått vekk frå det, seier Osnes og Omenås.

– Ein livsstil

Både John og Lars er fedrar og bestefedrar, og har utanom sine virke som dyrlegar vore aktive innanfor samfunnet elles. John har i mange år vore, og er framleis eit aktivt medlem i Hødd og har vore innom politikken, medan Lars syng i Ulstein mannskor og er medlem i Ulstein Rotaryklubb.

– Det har vore tøft å kombinere jobben med alt utanom. Men, det har verkeleg vore ein livsstil, ikkje berre eit yrke. Det har også gått med nokre bilar på strabasiøse reiser opp gjennom åra. Men, vi angrar ikkje på reisa vi har hatt, seier John Osnes og Lars Omenås til slutt.