Nokre vil kanskje kalle det tilfeldig at dei hamna her ute i havgapet. Peter og Nadia Demirov er derimot overtydd om at det er høgare makter som har halde si styrande hand over dei heile vegen.

– Vi takkar Gud for at han ført oss hit, seier Nadia.

– Ting har lagt seg slik til rette for oss at vi ikkje kan tru at det berre er tilfeldig, medgir ektemannen Peter.

Visst har vegen frå heimlandet Bulgaria til Hareidlandet vore både bratt og tornefull til tider, men ekteparet er takksame for det livet har gitt dei og den hjelpa dei har fått, både av Vår Herre og einskildmenneske.

– Vi bur i ei kommune som satsar på kultur og der politikarane forstår verdien av det vi driv med, seier Peter.

Møttest på musikkgymnaset

Musikken har fylgt dei heile livet. Dei møttest på musikkgymnaset i heimbyen Plovdiv tidleg i tenåra og vart kjærastar. Det forholdet varte rett nok ikkje så veldig lenge, men fire år etter fann dei tilbake til kvarandre att. Før dei var tjue var dei gift.

– Vi kan snart markere 40 års bryllaupsdag, fortel dei.

For Nadia sin del gjekk vegen vidare til studiar i musikkpedagogikk, medan det for Peter sin del venta to år med militærteneste.

– Eg lukkast i å få tenestegjere som musikar i ein tropp som også bestod skodespelarar og dansarar, fortel Peter. Det beste av alt var at kasernen der dei heldt til berre låg vel 200 meter frå huset til foreldra hans, og der budde også Nadia.Etter militæret starta Peter også på utdanninga som musikkpedagog.

Samstundes starta dei å spele i band i lag, mest for å ha det kjekt. Etter kvart tok dei også på seg spelejobbar på restaurantar og nattklubbar.

– Studentar slapp unna skatt og spelejobbane var bra betalt, så vi tente godt. Det var faktisk så gale at eg måtte lyge til far min, som var lege, om kor mykje eg tente for at han ikkje skulle bli heilt sett ut, fortel Peter.

Hardkøyr

Men jobb og studiar om dagen og spelejobbar på kveld- og nattetid hadde sin pris. I tillegg hadde dei også blitt foreldre til Zari som vart fødd i 1979.

– Sjølv om foreldra mine tok seg mykje av dottera vår, slik tradisjonen er i Bulgaria, vart dette livet til slutt for hektisk, forklarer Peter.

Peter fullførte ikkje det siste året ved høgskulen. For eit par år sidan fekk han endeleg tatt opp att dei siste faga og avrunda dette kapittelet.

– Det var ikkje fordi eg måtte. Dei tre åra eg gjekk på høgskulen gav meg ein bachelor. Men eg ville gjerne avslutte det eg hadde begynt på. Etter eksamen vitja eg grava til foreldra mine og fortalde dei at no hadde eg fullført, fortel han.

Horoscope

Dei satsa vidare på danseorkesteret. Horoscope, som bandet heitte, bestod av tre andre musikarar på bass, gitar og slagverk. i tillegg til Peter på klaver og Nadia på fiolin og vokal.

I konkurranse med ni andre orkester, fekk Horoscope og to andre band kontrakt hos ein manager om spelejobb og slik hamna dei i Norge for første gong. Det var i 1986. Femmannsorkesteret vart etter vart til ein duo.

– Vi spelte mykje frå MTV. Det var mykje bra musikk på MTV på midten av 80-talet som vi hadde på repertoaret vårt, seier Peter.

Speleoppdraga i Norge kunne vare opp til eit halvt år, før dei reiste heim til Bulgaria og var heime nokre månader.

– Det var tøft å forlate dottera vår og det var vanskeleg for henne også, fortel Nadia.

Dei fekk ikkje lov til å ta med seg barnet ut av landet av di styresmaktene var redde for at dei då kom til å stikke av.

Tøff overgang

I likskap med resten av Aust-Europa måtte også kommunistregimet i Bulgaria gi frå seg makta på byrjinga av 90-talet. Og heller ikkje i Bulgaria vart overgangen frå kommunisme til marknadsøkonomi enkel.

– Vi forstod at livet i Bulgaria kom til å verte vanskeleg. Magekjensla sa oss det. Vi bestemte oss for å reise for godt. Vi selde unna det vi kunne, gjekk på norskkurs og fekk skaffa oss nokre spelekontraktar som gav oss arbeid i Norge i nokre månader, fortel Peter.

I likskap med tusenvis av andre høgt utdanna bulgararar, forlèt dei heimlandet.

Ledig stilling

Den vesle familien reiste på kryss og tvers i Norge, og Zari skifta skule alt etter kvar foreldra fekk jobb. Under eit opphald på Sunnmøre fekk dei sjå at dei lyste ut ledige undervisningsstillingar innan fiolin og piano ved musikkskulane i Hareid og Ulstein.

– Eg tok kontakt med Ulstein kommune for å høyre om vi som kom frå Aust-Europa også kunne få lov til å søkje. Eg fekk til svar at det kunne vi, men at jobben mest truleg kom til å gå til ein nordmann, fortel Nadia.

Dei hadde reist vidare til Arendal då dei fekk vite at dei hadde fått jobben. Det synte seg nemleg at ingen andre hadde søkt på stillinga som fiolinlærar og på stillinga som pianolærar var det berre ein til som hadde søkt, også han frå Bulgaria, men utan like høg utdanning som det Peter hadde.

Så langt var alt vel og bra.

Norsk byråkrati

Då dei skulle søke om arbeids- og opphaldsløyve vart det problem. Det varte og det rakk utan at dei høyrde noko frå UDI og dei tok til å førebu seg på at dei kanskje måtte reise attende til Bulgaria.

Først då Asle Geir Johansen, dåverande redaktør i Vikebladet Vestposten tok opp saka deira ordna det seg.

– Det synte seg at papira våre aldri hadde blitt sendt til UDI frå politiet i Ålesund. Den dag i dag veit eg ikkje kvifor, seier Peter.

Julegåva

– Rett før jul i 1991 ringde eg advokaten vår. Han lurte på om eg hadde lyst på ei julegåve. Eg forstod ikkje kva han meinte. Då sa han at arbeids- og opphaldsløyvet var i orden.

– Då Nadia kom gråtande ut av telefonkiosken tenkte eg at, ja ja, no er det berre å pakke og reise. minnast Peter.

Etter at historia deira stod og lese i Vikebladet Vestposten, var det mange som tok turen ut til hytta dei budde i på Flø med gåver og mat. Også nyttårsorkanen fekk dei oppleve, heldigvis utan dramatikk.

– Men huset ved sidan av den kommunale bustaden i Ringen som vi skulle få flytte inn i på nyåret, hadde fått flerra av taket. Eg trur at det også var meir enn ei tilfeldigheit, seier Peter.

Rett over nyttår i 1992 kunne Nadia ta til i jobben som fiolinlærar ved musikkskulane i Hareid og Ulstein, medan Peter tok til som pianolærar i august.

Etter sju år søkte dei om å få norsk statsborgarskap, men også her opplevde dei manglande oppfølging ved politikontoret i Ålesund.

– Vi var utan pass i eit heilt år, av di dei bulgarske passa våre gjekk ut medan vi venta på dei norske, fortel Nadia.

Også denne gongen ordna det seg, takka vere Asle Geir Johansen.

– Det er vanlege folk som har vore til hjelp når vi har trengt det, ikkje styresmaktene, seier Peter.

For full musikk

Nadia jobbar framleis 100 prosent ved dei to musikkskulane.

– Eg underviser nokre og seksti elevar kvar veke, fortel ho.

Peter har ei 60 % stilling ved Ulstein musikk- og kulturskule etter å ha jobba i 20 år også ved Hareid musikkskule.

– Eg hadde rett og slett ikkje tid til å rekke over alt, seier Peter som også driv eit lite kombinert lyd/lys- og video-firma, DeMiRo.

Nadia var i 1994 med på å starte opp strykeorkesteret Ytre Strok saman med Nils Ertesvåg som då var musikklærar ved Hareid Ungdomsskule. Ho dirigerer orkesteret framleis.

I tillegg er ho med og driv Sunnmøre Ungdomssymfoniorkester, der det er unge musikarar frå 13 år og oppover frå heile Søre Sunnmøre som er med.

Saman med andre musikkskulelærarar starta dei også opp bandet «Downtown Teachers».

Konsert for flyktningar

I fjor sette Peter også i gang eit tiltak retta mot flyktningar, i samarbeid med Opplæringssenteret.

– Idéen var å lage ein gratiskonsert for flyktningar, ein konsert som dei kunne kjenne dei var ein del av. Dei har jo ikkje pengar til å sende borna på musikkskulen eller til å gå på konsertar. Det vart kjempepopulært og Reitensalen var stappfull. Ein kan vere ueinige om innvandringspolitikken, men dette er folk som er her. Dei må få sjanse til å bli ein del av samfunnet vårt, ivrar han.

Elles er Peter mykje nytta som musikar i distriktet, sist som ein del av bandet som spelte saman med søstrene Merete og Tina Brandal og Bjørn Holum i førjulkonsertturnéen «Holy Night».

Peter og Nadia tek framleis på seg speleoppdrag, anten som duo eller også gjerne saman med dottera Zari. Besteforeldre til Maia er dei også. Ho vert tre år på sjølvaste 17. mai.

<strong>Demirovs:</strong> Heile familien Demirov i sving, f.v. Peter, Nadia og Zari.