– Under KM sist helg fekk eg spørsmål om eg hadde kontroll før NM. Då sa eg at på detaljane har eg ikkje kontroll, men eg har kontroll på at eg har med meg det beste teamet og eg er hundre prosent trygg på at vi skal klare å gjere det som skal til for å lage den festen vi ønskjer.

Det seier Trond Berg. Han er leiar i Dimna IL, og no også leiar av hovudkomiteen for senior-NM i friidrett som går i Ulsteinhallen første helga i februar. Og Berg gler seg til eit NM der han håpar ein skal klare å skape mange positive opplevingar. – Dei som kjem hit skal oppleve at vi er serviceinnstilte. Vi skal vise ei openheit og vi skal gjere det vi kan for at folk skal kjenne seg heime så snart dei kjem inn døra.

Audmjuk og takknemleg

For å få til det er det mange hjelpande hender som må trå til under NM-helga.

– Det er eit veldig stort arrangement, der vi har om lag 180 funksjonærar i sving i løpet av helga. Det betyr at det er mange frivillige som stiller opp. Og Dimna er ein frivillig klubb, som betyr at vi gjer ting utan betaling, og no opplever vi også at folk frå andre friidrettsklubbar, frå Hødd Fotball og Hødd Handball kjem og spør om dei kan bidra. Det gjer meg audmjuk og gjer oss i Dimna utruleg takknemlege.

Dimna IL var også arrangør for Ungdomsmeisterskapen i Friidrett for to år sidan. No er det alle dei beste seniorane som skal vise seg fram i Ulsteinhallen, og fasilitetane har gitt Dimna mange nye moglegheiter.

– Ulsteinhallen har betydd at vi har fått lov til å gje meir kvalitet på det vi skal levere. Den viser også at vi får til ting dersom vi samarbeider. Eg opplever det slik at det ikkje alltid var like lett samarbeid mellom Hødd og Dimna tidlegare, men etter at vi fekk til dette så opplever eg det meir som at ”Yes, vi skal få det til saman”. Det synest eg det er kjempekjekt å sjå. Det er gjennom å løfte i lag at vi får til ting.

Krevjande jobb

Til dagleg jobbar Berg som personalsjef i Ulstein Power & Control.

– Det er ein krevjande jobb og eg jobbar mykje med folk. Vi har hatt nokre år no der vi har opplevd store endringar. Dei to siste åra har vore tøffe for heile bransjen, og resultatmessig er også 2017 eit tøft år, men ein ser nokre fleire lysglimt i horisonten.

Dei tøffe tidene i industrien påverkar heile lokalsamfunnet, og Berg møter mange av einskildmenneska som blir påverka av situasjonen.

– Det er aldri kjekt å seie farvel til ein pappa som har satsa livet sitt på jobben, som går ut døra for siste gong og kanskje må selje huset sitt. Der har vi hatt nokre samtalar dei siste åra, og der blir ein aldri så profesjonell at det ikkje rører ved deg. Eller, dersom eg blir så profesjonell så skal eg kanskje finne meg ein anna jobb.

Men sjølv om tidene er tøffe, så meiner Berg det er både imponerande og spanande å jobbe i ei verksemd der eigarane torer å tenkje langsiktig sjølv om tidene er tøffe.

– Ovanfor oss som leiarar set dei på agendaen kva vi ønskjer å vere i framtida. Vi skal vere med på å bygge eit samfunn her vi bur også i framtida. Eg ser den måten både Ulstein, Kleven og andre er med på å støtte dei frivillige laga og organisasjonane og det er heilt unikt. Det handlar ikkje berre om pengar, men om at vi gjer ting saman. Det er også det som er kjekkast når vi kan vise fram nye Ulsteinhallen og nye Høddvoll. Det er noko vi har fått til saman og mange kan seie at ”Det var vi som fekk det til”.

Trond Berg er opphavleg austlending, men kom flyttande til Ulsteinvik og Sunnmøre Folkehøgskule i 1994.

– Der starta eg som idrettslærar, men vart rektor allereie som 29-åring og var på folkehøgskulen fram til eg starta i Ulstein.  Eg er eigentleg utdanna idrettskatekon. Idrettslærar, katekon og kateket, med førsteavdeling juss. Og så har eg handelsskulen i botn.

– Du er lettare allsidig?

– Potet. Eg har også køyrt turbuss i nesten 20 år ved sidan av studiar og jobb. Eg har vore leiar i 20 år. Men eg kan ingenting. Eg føler ikkje eg kan noko skikkeleg.

Men Berg har likevel leiarverv i Dimna IL, mykje ansvar gjennom jobben i Ulstein og no også fast plass i Ulstein kommunestyre.

– Eg ser det slik at det er utruleg viktig at vi klarar å møte kvarandre med respekt, på tvers av religion og samfunnslag. I Ulsteinvik må vi passe oss for å bli målt på kor stor hus ein har, kor dyre bilar ein har, kor stor båt vi har eller kor mykje ein trur pappa tener. Det er kanskje det som gjer at eg valte å gå inn i politikken. At alle skal kjenne at det betyr noko at nettopp eg bur her.

For Trond Berg er det viktig at ikkje alt skal koste pengar.

– Eg trur det er kjempeviktig at vi går inn i ein fase der vi gjennom frivillige lag og organisasjonsarbeid klarar å skape møteplassar både i sentrum og i krinsane der det er lov å kome uansett kven du er, uansett kva inntekt eller utdanning ein har. Eg likar ikkje at det har blitt eit så stort fokus på at ting skal koste pengar, at aktivitet skal koste pengar. Det er noko av det vi prøvar å vere nøye på i Dimna som klubb, at ingen ikkje skal ha moglegheita til å vere med i klubben eller kunne satse fordi det kostar så mykje. Det står høgt hos meg, og der har eg lært mykje gjennom KFUK-KFUM.

Følgde dottera inn i friidretten

Trond er gift med Beate Mjøen Berg og saman har dei ungane Marthe, Halvor og Elise. Inngangen til friidretten kom gjennom eldstedottera Marthe.

– Vi starta i Hødd friidrett, men trente ein del saman med Dimna, og til slutt var vi så få igjen i Hødd at vi spurte om det var greitt å ta eit år saman dersom også dei vaksne blei med over. Og slik blei det.

Snart 11 år seinare er både Trond og Marthe framleis ein del av klubben. Dei siste åra har mange utøvarar frå Dimna IL levert sterke resultat, og med Karsten Warholm i spissen har Dimna IL blitt eit sterkt namn i norsk friidrett. Men Trond Berg understrekar at det ikkje er resultata som kjem i første rekkje.

– Først skal vi ha gode treningsvanar. Deretter skal vi hjelpe kvarandre og ha respekt for kvarandre, uansett kvar vi står i samfunnslaget. Deretter kjem dei gode resultata. Vi driv ikkje Dimna IL, og arrangerer ikkje NM no, berre for at vi skal ha nokre einarar.

–  Planlegginga av NM tek tid. Det gjer også jobben i Ulstein, verva i Dimna IL og politikarvervet. Har du nok tid til alt dette?

– Eg er gift med ei utruleg raus kone. Og eg er ikkje god på detaljar. Det gjer at når eg er med på noko så får eg vere med saman med andre, men eg gjer ikkje alt. Då er det heilt greitt, men eg skal ikkje ta på meg så mykje meir, smiler Berg. Han fortel at han også prøvar å finne tid til trening, gjerne til å stå på ski og til å reise.

– Eg elskar å stå på ski og har B-kurs i telemark. Så når kona ordna meg randonee-ski til jul så skjønte eg hintet. For det er sjølvsagt ei utfordring med å passe på at ein ikkje tek på seg for mykje.

Berg har reist både gjennom jobb og privat, og totalt vore innom 48 ulike land.

– Før så var det slik at ein reiste for å oppleve nye ting. No har eg vore så heldig å få reise to gongar til Madagaskar, og skal dit igjen i år. Det har litt med å oppdage meir av detaljane og nyansane. Sjølv i eit land med utruleg mykje fattigdom og med så store kontrastar frå det vi har heime, så møter du ei glede og ei annleisheit som vi også kunne trenge i Norge.

Men no set han også stor pris på dei nære og daglege tinga.

– No har det blitt meir slik at eg kan vere heime ei helg og tenke at det slett ikkje var så verst.

<strong>Madagaskar:</strong> Beate Mjøen Berg og Trond Berg saman med Ramha på Madagaskar.
<strong>Speakerbua:</strong> Det er ikkje uvanleg å høyre Trond Berg over speakeranlegget under arrangement i Ulsteinhallen, men under det komande friidretts-NM har han gitt den oppgåva til andre. – Eg får heller vere i bakhand om det skjer noko. For eg likar jo å prate, ler Berg.
<strong>Ulsteinhallen:</strong> Om to veker er Trond Berg og resten av Dimna IL vertar for NM i friidrett i Ulsteinhallen.