Johan Dalsøren (37), opphavleg frå Hareid, og Kari Brandal (35) frå Ulsteinvik har vore sambuarar i fleire år, og saman har dei fått to skjønne gutar, Martinus (7,5) og Olav (2). I mars i fjor skjedde det som skulle føre til at familien no har budd eit halvt år på andre sida av kloden, nærmare bestemt i byen Okpo, på øya Geoje i Sør-Korea. Johan reiste til Sør-Korea, der arbeidsgivaren KCA Deutag har byggetilsyn på to boreriggar som Statoil skal operere i Nordsjøen frå hausten av. Etter å først ha besøkt Johan på ferietur, flytta Kari og dei to sønene så etter Johan i august. Det valet angrar ikkje Kari på i det heile tatt.

– Om vi kunne valt sjølve, så hadde vi vore her eit år til. Å bu i Sør-Korea er ei fantastisk moglegheit for oss som familie, og ikkje minst for borna våre, å lære mykje nytt, seier Kari til Vikebladet Vestposten.

Annleis kvardag

Kari fortel om ein kvardag som skil seg markant frå den ein er vande med i Norge.

– Eldstemann går på internasjonal skule som ligg tre minutts gonge frå leilegheitskomplekset vi bur i, medan minstemann går i koreansk barnehage. Når det til dømes gjeld skulen, så legg ein ikkje opp til lekser, slik som ein gjer i Norge. Fritidsaktivitetar er også knytte til skulen, og ikkje utanom, slik som i Norge. Det er godt for meg og borna å kjenne på at lekser og køyring til og frå fritidsaktivitetar ikkje tek opp så mykje av ettermiddagane, seier Kari Brandal.

Ho fortel at både ho og Johan kjenner på ei større ro og meir tid for ungane til å vere sosiale i kvardagen. Minstemann har timeplan i barnehagen der han går, og Kari fortel at han blir stimulert på ein måte som han kanskje ikkje hadde blitt stimulert på heime i Norge.

Johan jobbar lange dagar i sin jobb, men trivast godt, fortel Kari. Ho sjølv har også mykje å fylle dagane med.

– Eg har blitt veldig godt tatt i mot av expat-miljøet. Det er mange nordmenn som jobbar på Statoil-prosjekt her, så det er nødvendigvis difor mange heimeverande mødrer, og nokre fedrar. Det blir litt tilbake til det gamle tradisjonelle kjønnsrollemønsteret for min del, men slik måtte det berre bli, når vi valte å flytte hit. Dei timane eg har for meg sjølv nyttar eg til å ordne heime, jobbe litt, trene og gå i dei flotte fjella vi har her, og mykje anna. Eg har ikkje kjeda meg ein einaste dag sidan vi kom hit, seier Kari.

Kulturelle forskjellar

Sør-Korea er eit land som er svært rikt på kultur, både av gammal og ny sort. Kari fortel at maten er ganske annleis, og både svært gode rettar og mindre gode rettar er å finne i den sørkoreanske matkulturen.

– Koreanarane er veldig glade i kjøt, og koreansk barbecue er ein eigen spesialitet som utlendingane elskar, seier Kari.

Ho fortel at området familien bur i er tett busett med utlendingar. Det pregar byen, på godt og vondt, meiner Kari.

– Nokon meiner nok vi tek for mykje plass, medan andre likar godt at vi er her, seier ho og legg til:

– Når det gjeld språk er vi så heldige at mange i området vårt kan engelsk godt. Det er nemleg veldig vanleg å møte folk i Korea som ikkje er så gode i engelsk. Så er det pussig nok ein artig likskap mellom koreanarar og nordmenn, det at vi i begge nasjonane er iherdige turfolk. Tilrettelegginga av stiar, tau, trapper, benkar og små hus her på øya er heilt imponerande å sjå.

Godt tilrettelagt

Kari fortel at familien heile tida har vore klar over at opphaldet i Sør-Korea maksimalt blir eit skuleår.

– Mange har sagt vi har vore tøffe som gjer dette, men det føler vi verkeleg ikkje. Ulsteinvik er slik det alltid har vore, og det er trygt og godt. Men, hit kom vi til dekka bord, føler eg. Likevel var vi heldige med tidspunktet vi kom på. For berre få år sidan var det vanskelegare å kome hit som nordmann. Folk sleit til dømes med å finne daglegdagse matvarer, og det var ikkje alltid så godt tilrettelagt. For oss har ikkje dette vore eit problem, og det veit vi å setje pris på.

Anbefaler sterkt

Kari Brandal og familien har hatt eit flott første halvår i eit i utgangspunktet framand land, men anbefaler dei som les dette, og som kanskje får lyst til å flytte eller reise til landet sjølve, om å gjere det.

– Vi vil anbefale det på det sterkaste. Skulane er vande med å legge til rette for nye, og ein får mykje i bagasjen som ein ikkje hadde frå før, både store og små. Køyr på om du får sjansen!

Kari kan også trygt anbefale folk her heime om å reise på ferie til landet.

– Det er eit godt stykke frå Norge, men til gjengjeld er det mykje å sjå her. Seoul er ein fantastisk kul by, og ein kan både finne varme strender og skisenter om ein det vil. Vi har blitt veldig glade i dette landet.