Espen Brandal (29) er frå Brandal og er femte generasjon selfangar.

– Blodet mitt består av raude og kvite blodlekamer. Resten er ishavshistorie, uttaler han i dokumentarfilmen «Ishavsblod – de siste felfangerne». Og nettopp denne setninga er det som har inspirert filmskaparane til filmtittelen «Ishavsblod».

Dokumentarfilmen er laga av Koko-film i Tromsø, og regissørane Trude Berge Ottersen og Gry Elisabeth Mortesen er regissørar. Filmen har Norgespremiere 17. mars, og blir synt på Sjøborg Kino i Ulsteinvik 21. mars.

Men «Ishavsblod» har vore med på Europas største filmfestival i Amsterdam, og på Filmfestivalen i Tromsø. I Tromsø fekk filmen «Publikumsprisen», og i Amsterdam, kom fleire av publikummarane etter framsyninga og sa at dei ikkje gret fordi dei fekk sjå sel som vart slakta, men fordi dei syntest det var så trist at selfangarane var i ferd med å misse næringa si.

Stoltheit

Handlinga i filmen er lagt til selfangstskuta «Havsel» frå Alta, der Bjørne Kvernmo er skipper, og det er Kvernmo og Espen Brandal som har hovudrollene i filmen.

– Eg møtte Espen for første gong i Isafjordur på Island. Eg skulle gå om bord i «Havsel» for å vere med til Vesterisen og lage dokumentarfilm. Espen vart temmeleg perpleks, han ana ingen ting om at det skulle vere filmfolk om bord, fortel Trude Berge Ottersen.

Men filmregissøren såg med ein gong at det var noko spesielt med Espen.

– Han er litt sky, men der er noko ekstra med rørslene og andletsuttrykket hans. Han har i seg ei stoltheit over å vere 5. generasjon selfangar, seier Ottersen, som legg til at etter kvart som ho lærte Espen å kjenne oppdaga ho at han var ein fyr med flotte verdiar.

Espen er son til Peter Josvald Brandal og Bitten Nakken Brandal. Bestefaren var Peter P. Brandal og oldefaren Peter S. Brandal, skipper på «Minna» som gjekk i Vesterisen i 1898 for første gong, og som vart heilt sentral i utviklinga av selfangstnæringa på Sunnmøre.

Vikebladet Vestposten har vore i kontakt med Espen Brandal. Han er no i Finnmark, og er lite lysten på å stille til portrettintervju.

– For å vere ærleg fekk eg nok merksemd under filmfestivalane i Amsterdam og Tromsø. Eg håper du forstår, men du kan godt snakke med jentene, så får du ein del fakta, svarer Espen.

Med «jentene» meiner Espen dei to regissørane. Dei var først i Vesterisen med «Havsel» i tre veker våren 2014, deretter under heile fangstperioden i 2015. Det året var «Havsel» einaste skuta i Vesterisen – og utan statsstøtte.

I 2014 var Espen 1.-skyttar og fekk i tillegg opplæring som styrmann. Han er utdanna styrmann, men å styre ei skute i isen krev ekstra trening. Treninga må ha gått bra, for i 2015 var Espen styrmann om bord og høgrehanda til skipper Bjørne Kvernmo.

- Espen er ei sjeldan svale. Han er seriøs og tek til seg all lærdom. Han er dedikert til ishavsfangst, og har ei unik evne til å finne dyr på isen. I 2013 fann han stadig dyr om natta medan eg sov. Merkelege greier, seier Bjørne Kvernmo til Vikebladet Vestposten.

Espen har mellom anna vore skipper på 62 grader Nord i Ålesund, vikariert på Sysselmannskuta på Svalbard, vore styrmann på Hurtigruten og frakteskuter. Han likar å ta vikariat, slik at han kan vere klar for ishavet.

– Hadde eg kunne drive med selfangst på full tid heile året, så hadde eg gjort det, har han uttalt.

Var med under heile fangstperioden

Då dei to regissørane gjekk om bord i «Havsel» i 2014 visste dei ingen ting om selfangst. Berre at det fanst mange motstandarar. Målet deira var å lage ein mest mogleg objektiv film om selfangst.

– I 2015 var vi med under heile fangstperioden, og vi har fått stor respekt for selfangarane. Det er synd viss all kunnskapen dei sit inne med forsvinn, kommenterer Ottersen. Begge dei to regissørane følte seg trygg i isen, I filmen får Espen Brandal spørsmålet om han drøymer om å bli skipper på eiga selfangstskute.

– Folk spør heile tida om eg skal ta over. Eg har gått i lære hos gamlegutane, og kven skal elles gjere det –? svarer han.

Det kviler med andre ord eit ansvar på skuldrene hans.

Kunnskap og samhald

I dag er det ikkje berre motstand mot selfangst, manglande statsstøtte og kunnskap som er i ferd med å døy ut som trugar selfangstnæringa. Også den globale oppvarminga er ein trussel for ishavet.

Også ein annan møring er med i filmen, Ingvald Nupen, er med i filmen. Han fekk spekkfinger under fangstinga, og skuta måtte inn til Island med han.

- «Ishavsblod» er ikkje ein dokumentarfilm berre om slakting av dyr. Vi har prøvd å skildre naturen, kunnskapen og samhaldet til mannskapet. Om bord i ei ishavsskute blir folk svært avhengige av kvarandre, slår Trude Bergen Ottersen fast.

Espen Brandal under Fangsting i Vesterisen. - Espen har ei unik evne til å finne dyr på isen, fortel skipper Bjørne Kvernmo.