Denne har milde smakar og ingrediensar frå det italienske kjøkenet som passar både for liten og stor. Anten du vel å servere den i focacciabrød eller vanleg hamburgerbrød så er den ei fryd å setje tennene i.

Ingrediensar som mozzarella, aioli, basilikum, spekeskinke og focaccia gir ei kjensle av Middelhavet og Italia. Og det kan vel vere fint no som dagane blir lysare og våren er i anmarsj. Eit lite tips er å lage focacciabrød enten i langpanne eller porsjonsstørrelsar på førehand og fryse ned. Då er det berre å ta opp og tine på varmluft i steikeomnen den dagen du treng det, så har du raskt sprøtt og godt brød til servering.

Ingrediensar til 3–4 personar:

Kyllingkarbonadar:

• 400 g kyllingkjøtdeig

• 1 liten sjalottlauk, finhakka

• 1 egg

• 1 ss worcestershiresaus

• 1 neve fersk basilikum, finhakka

• 1 toppa ts. paprikapulver

• 1 toppa ts. tørka persille

• 1 klype chilipulver

• salt & pepar

Aioli:

• 2 eggeplommer

• 2 kvitlauksfedd, knuste

• 1 klype salt

• 1 ss sitronsaft

• 2 dl olivenolje

Garnityr:

• focacciabrød

• 1 stor bifftomat

• 1 raudlauk

• ruccolasalat

• 1 mozzarellaost

• fersk basilikum

• 4–5 skiver spekeskinke

Bland saman kjøtdeig, sjalottløk, egg, worcestershiresaus, basilikum, paprika, persille og chili. Krydre godt med salt og pepar og la blandinga stå litt.

Lag aiolien ved å ha eggeplommer, kvitløksfedd, salt og halvparten av sitronsafta i ein stavmiksar eller liten foodprosessor og køyr til det tjuknar litt. Hell så olivenoljen i ein tynn stråle ned i eggblandinga medan du stadig let maskina gå. Når aiolien har tjukna er den klar. Ha i resten av sitronsafta og smak ev. til med salt. Sprøsteik spekeskinke og skjær skiver av tomat, raudlauk og mozzarella. Varm opp focacciabrød i steikeomnen.

Form kyllingkarbonadane og legg i steikepanne på medium høg varme og trykk dei flate med ei steikespade. Lat dei stå i nokre minutt til dei har fått ei fin og gyllen skorpe. Snu karbonadane og legg på ei skive med mozzarella på kvar av dei og lat stå i 2–3 minutt til. Krydre mozzarellaosten med litt pepar. Server kyllingburgeren i focaccia med rikeleg av aioli, tomatskiver, raudlauk, ruccolasalat, sprøsteikt spekeskinke og nokre blad med fersk basilikum.

Mari-Lene Korsnes, Matbloggar og student i matkultur og helse ved Høgskulen i Volda

<strong>Om spaltisten:</strong> Eg heiter Mari-Lene Korsnes og er for tida student i Matkultur og helse ved Høgskulen i Volda, jobbar som butikkmedarbeider og driv i tillegg matbloggen www.medhjerteformat.com. Min store lidenskap her i livet er mat og då spesielt mat laga frå botnen av. Eg håper med dette på å kunne inspirere og påverke andre til å eksperimentere og kose seg med matlaging!