- Er Kenneth her? spør underskrivne og ser inn døra til eit FAU-møte på Hareid ungdomsskule.

Rektor Siv-Marit Røyset Kaldhol reiser seg og kjem ut: ”Nei, han er på tredemøllå. Han kjem sikkert snart.”

Eg ringer.

”Er der om tjue sekund.”

Så fossar han inn hovudinngangen, blid og energisk.

Trong start

Han fekk ein spesiell start på livet. Nokre innsnevringar i spiserøret gjorde at han stort sett låg på sjukehus dei fire første leveåra. Berre bolkevis var han heime hos familien i Solsteinen på Hareid.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på kor vidt det har prega meg, men det var nok utfordrande for mor mi å tilbringe tid med både meg og eldstebror min, Dag Harald, på den tida. Far min var nemleg som oftast på sjøen – og når mor mi var hos meg på sjukehuset, hadde ho nok dårleg samvit for Dag Harald – og omvendt.

– Men kanskje gjorde sjukehusopphaldet at eg vart veldig sosial. Eg hadde så mange rundt meg.

- Alle var interessert i fotball

Kenneth kom seg etter kvart godt til hektene og vart eit aktivt element i gatemiljøet på ytre Hareid.

– Eg voks opp i ei tid då alle var interessert i fotball. Hareid har alltid vore ei fotballbygd. Vi spelte fotball både på Hovlidbana og Allenbana. Skaffa oss sagmask på Hareid Trelast og strødde målområda på Hovlidbana for at det skulle vere meir attraktivt å vere keeper.

Kenneth kom opp i framslengsalderen då Hareid A-lag var inne i gullalderen – 1980-åra. – Eg nesten budde framme på stadion, og det var stort å få vere ballhentar for A-spelarane og sjå dei trene. Vi såg veldig opp til dei.

Seinare spelte han sjølv 308 A-kampar.

Kryssar gjerne Atlanteren

Kenneth kryssar gjerne Atlanteren. Tre gonger i unge år hadde han opphald ”over there”. Først som utvekslingsstudent på Long Island i New York, seinare som au pair i Palo Alto i California – og så som collegestudent i South Carolina.

Lærar i snart tjue år

Etter to barneskuleår på Hareid og Bigset skular fekk Kenneth lærarjobb på Hareid ungdoms-skule – og har no vore lærar i heimkommunen i snart tjue år. For tida er han klassestyrar for ei 10.-klasse – og sjølvsagt med mykje kroppsøving og engelsk på programmet.

Den første trenarjobben hadde han på aldersbestemt nivå i lag med Egil ”Gille” Åkervik. I 2002 vart han spelande trenar for Har-eid A-lag. Etter fem år søkte han seg vidare utover på Sunnmøre – og har trent Fortuna damelag, Herd A-lag, juniorane i AaFK og Hødd sine rekruttar – samtidig som han skaffa seg landets høgaste trenarutdanning.

– Begeistring er grunnmuren

– Eg brenn for entusiasme og levande auge. Begeistring er grunnmuren i alt som er verdt noko, seier han.

– Eg vil ha tryggheit og trivsel, eg vil bruke lang tid med dei, la dei bli kjent med meg – og eg med dei - så vi kan legge godt til rette for læring og utvikling. Relasjonskvalitet er avgjerande for kvaliteten i formidling, anten det er i klasseromet eller på fotballbana, trur eg.

Målet er å trivast så godt i lag at dei vil trene så ofte som råd.

Samtidig innser Kenneth at du i enkelte situasjonar må tenke litt annleis fordi tida til å påvirke er mindre. Hareid A-stall tel 16-18 spelarar, mange av dei er unge. Eit fornuftig mål for sesongen er å halde seg i 4.-divisjon, meiner han, og få til ei gruppe som kan utvikle seg i lag.

Kenneth les helst biografiar (og har for tida ein om Arsenal-trenar Arsene Wenger på nattbordet). Elles held han med Liverpool – og lyttar til 80-talsheltar som Springsteen, Pink Floyd og Roger Waters. Men også andre musikkformer appel- lerer. – Alt som er kvalitet og triggar kjensler, likar eg. Alle som er dyktige i noko, er fascinerande.

Suksess …

– Fotball, folk og musikk er dei tre store greiene i livet mitt, seier Har-eid-trenaren og rundar av med følgjande visdomsord:

«Success is a piece of mind, which is a direct consequence of knowing that you’ve done the best you can of what you have”.

Destillert til norsk: - Suksess er den kjensla du har når du veit at du har gjort ditt beste.

Vi ser på klokka. Tida nærmar seg neste Hareid-trening.

- Eg gler meg, vi skal ha ei kanontrening, seier han.