No har dei fått ein bortgøymd stad under Grøthornura, der det ikkje er vanleg å gå.

– Det har nesten vore ei heil turistvandring til dei to hoggormane i vinter, fortel brørne Ottar og Per Pilskog. Ormane har hatt bol under ein stein midt i råsa og kjem ut og solar seg i det gulgrøne mose- og grasdekket når sola står på.

Å flytte hoggormar er ikkje noko for kvarmann, så hjør-ungavågarane har tilkalla Kjell Mork Soot til å gjere det handtverksmessige; gripe fatt i ormane, legge dei i ei plastbøtte og føre dei til ein annan mindre publikumseksponert plass.

Ormebolet ligg i ca 300 meters høgde i eit solrikt område i «Grøthornråsa» ovanfor Nedrelid.

Kulde inga hindring

Måndag 6. mars skin sola frå ein halvskya himmel. Det har vore nokre fattige minusgrader om natta – og biltermometeret ut Overåstranda viser ikkje meir enn eit par grader.

Meir enn femti prosents sjanse for at ormane ligg der, som foreskrive av Pilskog-karane, går eg ikkje med på. Eg er budd på bomtur.

Men svaret er at det hadde vore kalde netter også tidlegare i vinter, utan at hoggormane hadde gitt seg på det.

Under oppfarten spår eg elles lesarstorm når publikum får vite om flyttinga: – Burde vi ikkje heller drepe ormane? Av omsyn til turgåarane?

Men då minner Kjell om at hoggormen er freda og at han er på sterk retur. Flyttinga er ein vinn-vinn-situasjon: Ormen får leve og turgåarane kan kjenne seg litt tryggare på å ikkje støyte på orm i den populære råsa.

Når vi nærmar oss, slår Kjell fast at ormen ikkje høyrer, så vi kan både rope og kauke det vi vil. Derimot merkar han tramping. Så vi går silkemjukt inn i ormane sine intimsoner.

Der låg dei ...

Og der ligg dei sanneleg. Sanneleg ligg dei der. To stykk. Ikkje så veldig store. Kjell trur det er ein hanne og ei hoe, men er ikkje sikker. Hannane er mørkare enn hoene. Kjell set frå seg bøtta, tek av loket og gjer seg klar for fangsting. Kjell har med seg hanskar og grip ned i halen til den eine ormen. Så går det i ei dinglande himmelferd bort i bøtta. Hoggormen er slik skapt at han ikkje er i stand til å hogge dei som held han slik.

– Hugs å ha på loket, seier Per Pilskog når ormen er komen i bøtta.

Kan hende er den andre ormen no i ferd med å ane fare, for han begynner så smått å flytte på seg. Truleg siktar han seg inn mot bolet. Men då set Kjell den eine støvelen over han. Sleip som han er glir ormen likevel framover og er på veg ut av støvelgrepet. Men så er menneskehansken der – og vips i bøtta.

– Eg har lest at det er fleire som døyr av kvepsestikk enn av hoggormbitt, seier Kjell, som sjølv ikkje har sett orm på lenge. – Kan hende fordi han er i tilbakegang – eller at eg rett og slett ikkje ser etter han når eg er ute i terrenget, meiner han.

Så til flytteplassen. Vi følgjer råsa eit stykke vidare oppetter, skrånar så vestover mot den storblokka Gråura.

Men sidan ormane også treng tilgang på mat, finn vi ein stad på nedsida av ura – om lag hundre meter vestafor der dei vart fanga. Her er fin skogsbotn med fjorårslauv, lyng og mosegrønt dekke. Og steinar å krype inn under.

Så sig ormane ut av bøtta. Den eine borar seg ned i skogsbotnen, under fjorårslauv og mose, og blir borte. Den andre veit tydelegvis ikkje kvar han skal gjere av seg før det har gått eit minutt eller så. Då finn han eit hol mellom steinane og forsvinn inn i ura og mørkenatta.