Tre år gammal byrja Anne-Marie i Tryggheim barnehage i Ulsteinvik, og der oppdaga ho fotballen. Gutane sparka på ei slette, og ho vart plassert nede i ein bakke for å sparke ballen opp att.

– Det var ingen som var så mykje bort i ballen som eg. Ballen fauk stadig ut for bakken, smiler ho.

Seinare vart det fotball både for Hjørungavåg IL, Sunnmøre kretslag og treningar med Hødd.

Ein dag på Hareid ungdomsskule høyrde ho nokon som kalla henne «Tomboy». Men det tok ho seg ikkje nær av:

– Nei, nei. Eg visste ikkje kva det betydde. Og viss nokon vil kalle meg ei gutejente, så er det heilt OK. Eg tek det som eit komplement.

10. juli 2010 gifta Anne-Marie seg med Gøril Daltveit frå Voss. Seremonien fann stad på Overåsanden i strålande sol, sjølv om det dagen før hadde bøtta ned med regn.

– Eg er eit truande menneske, og før giftarmålet hadde vi dialog med Hareid sokneråd om å få gifte oss i Hareid kyrkje. Soknerådet sa ja, og det er eg veldig glad for. Det betydde mykje for oss å vere velkomne i kyrkja. Men biskop Midttømme sette foten ned. I ettertid er eg imponert over at biskopen under Kirkemøtet sa ja til ein liturgi for kyrkjeleg vigsle av likekjønna par. Midttømme har tatt innover seg at alle menneske har behov for nokon å leve saman med i opne og ordna former, kommenterer Anne-Marie.

Aller mest beundrar ho likevel dei prestane som har gått i førevegen og tatt støyten.

Gøril og Anne-Marie har bygd hus på heimejorda til Anne-Marie på Overå, og i ei separat leilegheit i huset bur yngste bror hennar som har nedsett funksjonsevne. Ho er ein del av teamet som døgnet rundt er til stades for at han skal få eit meiningsfullt liv.

– Det har blitt ein livsstil for meg, og eg er glad for at Hareid kommune stiller opp.

Dei som kjenner Anne-Marie godt, veit at ho kan bli brennande engasjert. Ja, til tider så engasjert at det kan bli til ei plage. Når ho til dømes bestemmer seg for å hindre at ei sandstrand skal bli parkeringsplass, eller er overtydd om at Hjørungavåg barnehagelag skal få overta den kommunale barnehagen, og få kommunalt tilskot til drifta, så er ho vanskeleg å stoppe. Då peprar ho redaksjonen – og truleg også kommuneleiinga – med mailar og telefonar, sjølv om ho høfleg og tilhengar av ei god dialog.

– Eg veit eg kan bli intens. Når eg får arbeide saman med andre som også brenn for ei sak, så blir eg veldig ivrig. For meg er det ikkje viktig å vere leiar. Flat struktur og lagarbeid er kjekkast.

Å kalle Anne-Marie for «beach girl» er vel å trekke det litt for langt. Men dei sju første leveåra sine hadde ho på Solaberget i Ulsteinvik med Osnessanden, Sandbadet og Boholmen som sommarleg boltreplass. Og idyllen var om lag den same då familien flytta til Overå, med Overåsanden som næraste nabo.

– Eg trur ikkje nokon vil fjerne Overåsanden. Men eg synest det er trist at industrien har fått breie seg så kraftig på Osneset i Ulsteinvik og Raffelneset på Hareid. Det burde vere mogleg å få til nokre kompromiss. Industrien har rappa naturområde frå fellesskapet, meiner ho.

For Anne-Marie er Gud ei kraft ho kan vende seg til, og som gjer henne trygg. Og ho har ei trushistorie som har utvikla seg frå det ytterleggåande strenge til det nesten altomfemnande.

– Eg var ikkje tenkt å konfirmere meg, men så hadde farmor byrja å brodere bunad, og eg ville ikkje såre henne.

– I Hareid Ten Sing oppdaga eg «lyset». Det enda med at eg vart ytterleggåande og byrja på Misjonssambandet sin bibelskule. Der miste eg trua. Då stod eg att med tomme hender, og vart på ein måte frigjort og open for å ta imot med hjertet. No er eg open for all ånd og spirit.

Ho er medlem både i Den norske kyrkja og Human Etisk Forbund og er på ein måte ikkje innafor nokon stad - eller alle stader.

– Eg trur Gud er til stades i alle, og at det gode vil trenge igjennom.

Når journalisten kallar henne lesbisk, kjem ho med ein korreksjon:

– Det er veldig lett å seie at eg er lesbisk, men det kan godt hende eg er heterofil. Vi er alle både maskuline og feminine. Og når kyrkja vigslar heterofile, kan det godt hende at kvinna er tiltrekt av det feminine i mannen – eller mannen er tiltrekt av det maskuline i kvinna. Vi må lære oss til å sjå på det indre mennesket. Sjel og ånd er det viktigaste.

Anne-Marie Saunes Overå