Torbjørn Kallevåg har alltid eit smil på lur, sjølv når han nettopp har tapt ein kamp. Mot Molde i cupkampen no i midtveka var han igjen sentral for Hødd. Like etter sluttsignalet kom var frustrasjonen stor, men eit klapp på skuldra og ros frå sjølvaste Ole Gunnar Solskjær hjelpte nok litt på, og smilet kom tilbake. Sanninga er at Hødd og banens gigant i oppgjeret, Kallevåg, gjorde eliteserielaget til smågutar i periodar av kampen.

Vikebladet Vestposten møter Torbjørn Kallevåg på sin andre arena, Ulstein ungdomsskule. For bømlingen, som nesten har fullført maskiningeniørstudiet, fann raskt ut at han ønskte å gjere noko anna enn å sparke småstein når han ikkje var på fotballtrening.

– Det å få lære bort til andre er eit stort privilegium, og er noko eg verkeleg har fått meirsmak for, seier Torbjørn.

Men det er ikkje berre framfor tavla Torbjørn er flink til å lære ifrå seg, det er han også med ballen i beina. Det kjem vi derimot tilbake til.

Livslang kjærleik for fotball

Med ein over gjennomsnittet fotballinteressert far, Tore Kallevåg, var det meste av fundamentet for ein livslang kjærleik for fotball lagt.

– Eg var med på alle bortekampane han spelte, og eg trente mykje. Det er ikkje til å legge skjul på at eg var veldig god då eg var liten. Men eg var også veldig liten, av vekst. Då eg var 13–14 år var eg med på kretslaget, men plutseleg var eg alt for liten for det også, og det sa litt stopp. Men eg trente mykje, det gav eg meg ikkje på, seier Torbjørn.

Som 16-åring flytta han åleine til Haugesund, der han prøvde å ta første steget på proffdraumen ved å kome seg inn på FK Haugesund sitt andrelag. Då var det ekstra tungt for ein ung Torbjørn å få vite at trenarane meinte han ikkje var god nok.

– Eg ville jo spele fotball, så det eg gjorde var å pendle tilbake til Bremnes og spele kampar for dei, seier Kallevåg.

Det gjorde han til like før han fylte 18 år.

Frå elev til læremeister

Då skjedde nemleg det som skulle endre på det meste for Torbjørn. Steinar Lein, tidlegare assistent- og hovudtrenar i Hødd, var på den tida hovudtrenar i Vard Haugesund. Han hadde sett noko i Torbjørn, og ønskte at han skulle melde overgang til Vard. Han var også læraren til Torbjørn på toppidrettsgymnaset i Haugesund.

– Slik enda eg opp i Vard. Der var eg frå 2011 til sesongen var ferdig i 2014, seier han.

I 2014 blei ballkunstnaren i tillegg toppscorar for Vard Haugesund, og var ein ettertrakta kar i fotball-Norge.

Men det skulle bli læremeisteren hans i Vard, Steinar Lein, som skulle lokke han til Sunnmøre og Ulsteinvik. Der hadde Lein blitt assistenten til hovudtrenar i Hødd, Sindre Eid.

– Tida mi i Hødd så langt har vore ei fantastisk reise. Eg hugsar at eg vurderte frå og til om eg skulle takke ja til sjansen då Steinar spurde, men eg tenkte at eg måtte ta den. Det har eg ikkje angra på i det heile, seier Kallevåg og legg til:

– Eg manglar framleis eit halvår på å bli ferdig med maskiningeniørstudiet, men eg trivast veldig godt med livet eg har her i Ulsteinvik no. Å vere lærar er veldig givande. Det var faktisk ein elev i tiande klasse som spurde meg her ein dag, «kvifor gidd du eigentleg å jobbe her når du kan ligge heime i senga di og sove ut om morgonen?». Eg svara han enkelt og greitt at eg ikkje tener så godt i Hødd, og at eg trivast utruleg godt her på ungdomsskulen, seier Kallevåg og flirer.

Som vikarlærar og assistent, i tillegg til jobben som spielführer for dei blåkvite, har han det godt. No er ikkje Torbjørn nokon gammal mann sjølv, men fleire av unggutane som har tatt steget opp i A-stallen dei siste åra, har sagt med lokalavisa at Torbjørn har vore til inspirasjon for dei. Ein læremeister, også på bana.

– Eg er i ein fantastisk klubb, der folk verkeleg bryr seg om utviklinga til spelarane. Det gjer at eg sjølv blir inspirert til å lære vekk det eg kan til andre. Det er ein lang veg heim til familien min, men Hødd er mi andre familie. Eg er stolt over å vere Hødd-spelar, seier Kallevåg til slutt.