– Utruleg lange dagar for tida. Det har ein tendens til å samle seg opp mot slutten. Desse møta som varer langt utover natta kjem eg ikkje til å sakne i det heile.

Det er hektiske siste dagar for Oskar Grimstad.

– Det, og så Oslo på vinterstid kjem eg ikkje til å sakne. Det er kaldt, og så er det ei slik rå kulde som er heilt framand for oss på vestlandet. Det er heilt jævlig for å seie det rett ut. Heller ein skikkeleg orkan ute på Sunnmøre enn ein vinter i Oslo, slår han fast lattermildt.

I åtte år har han representert Hareid og Møre og Romsdal for Framstegspartiet (Frp) på Stortinget, men no er det slutt.

Det vil seie, offisielt er han ikkje ferdig før i september. Han sit i Næringsutvalet i Nordisk Råd, og skal til Island på møte i haust.

– Det er nok den siste formelle biten som eg skal vere med på som stortingsrepresentant, seier han.

– Hadde aldri tenkt å bli politikar

Men siste samling i stortingssalen er komande onsdag.

Han trappar ned for å gi plass til andre i partiet. Møre og Romsdal har no to statsrådar frå Frp i Sylvi Listhaug frå Ørskog og Jon Georg Dale frå Dalsfjorden.

– Eg hadde aldri tenkt å bli politikar. Eg dreiv bedrifta mi, og kom inn i lokalpolitikken. Så blei Hareid Frp ein markant del av lokallaga i fylket, og ballen berre rulla. Eg vart heile tida spurd om å stille. Så gjekk Lodve (Solholm, tidlegare representant for Møre og Romsdal Frp, journ. anm.) ut, og då tenkte eg ja ja, kanskje det, flirer hareidsdølingen.

Han verkar tilfreds med to periodar i parlamentet.

– Eg synest det har vore åtte fantastiske år her på Stortinget, men vemodig er det ikkje. Eg har halde på med politikk i så mange år, og sete i leiinga i partiet i ti år. Eg har også sete i sentralstyret i arbeidsutvalet. Eg har fått vore med på å drive partiet framover og også hivd ut dei mest rabiate i partiet, dei eg ikkje likte, for å seie det rett ut.

– Kven var den mest rabiate?

– Vidar Kleppe og co., seier han utan å blunke. – Det var 4–5 stykk som rauk ut, og det er eg glad for. Det har gjort at partiet blei noko eg kunne stå for.

Stolt

Når han blir spurt om kva han er mest stolt over, så pratar han på inn- og utpust om alt Frp har fått til i regjering. Det er mykje stoltheit, og lite sjølvkritikk å spore. Han er ein garva politikar med mange talepunkt opp mot valet i haust.

– Vi har motbevist alle spådommane som har kome mot oss som FrP-arar: Ikkje var vi styringsdyktige, ikkje hadde vi gode nok statsrådar, vi hadde rett og slett ikkje eit mannskap som var godt nok. Vi har motbevist på alle plan, hevdar han.

Likevel må han til slutt innrømme at bompengar er noko han gjerne skulle sett at dei hadde klart å gjere noko meir med.

– Men vi fekk 16 prosent oppslutning og sat i ei mindretalsregjering, så det er ikkje alt ein klarer åleine.

Ein audmjuk hareidsdøling

Det er nok ikkje berre berre for ein grimsting å skulle troppe opp på Stortinget, i maktas sentrum, i sjølvaste hovudstaden og representere folket.

– Første gongen eg gjekk opp trappa på slottet til kongemiddag, og visste at dette gjer du på vegner av alle veljarane i Møre og Romsdal, så var det ...

Men for å vere ein politikar som vanlegvis har ordet i si makt, så slit han med å fullføre setningane akkurat ved dette høvet.

– Same då eg gjekk inn på Stortinget første gongen. Den tillita som innbyggarane i Møre og Romsdal har vist ved å velje meg inn to gonger, den ...

Det er vel likevel ikkje så vanskeleg å forstå kor han vil hen.

Han håpar å kunne utnytte alt han har lært, og nettverket han har knytt, på heimebane. Han sit framleis i kommunestyret i Hareid.

Trur på diplomatiet

Men først, altså, må han fullføre jobben. I Parkveien, der han bur i ei leilegheit disponert av Stortinget, kjem han til å vere sporadisk gjennom sommaren. Rolla som medlem i Nordisk Råd er direkte knytt til rolla som stortingsrepresentant.

– Det er mange meiningar rundt Nordisk Råd. Enkelte har kalla det ein suppeklubb, seier han med glimt i auget.

– Men eg ser det slik at når politikarar frå mange land treff kvarandre jamt, og har ein god dialog, så skyt dei i alle fall ikkje på kvarandre. Og det skal ein ikkje undervurdere, seier han.

Klarer ikkje sitte i ro

Og så ser han fram til å bruke meir tid med familien.

– Eg synest det er kjekt å vere bestefar. Eg har ein båt som eg driv og fiskar med, og då melder dei seg fort både små og store. No får eg betre tid til det. Og så har eg hytta framme på Snipsøyrvatnet også som eg kan pjaske litt med.

Likevel er det heva over tvil at Grimstad ikkje klarer å sitte i ro for lenge i gongen.

– Eg er styreformann i familiebedrifta, og eg har blitt førespurt om nokre andre verv. Kven veit kva morgondagen gir? Det byr seg vel ei anledning, og så får eg ta stilling til det då.

Han seier at han kjem til å sakne gode kollegaer, og høvet han har hatt til å reise land og strand rundt.

– Men det er ei tid for alt, avsluttar han.