– Eg har gjort det rimeleg bra dei siste åra, svarer Willy Nesset når vi spør korleis i all verda han har klart å finansiere restaureringa av Polarstar, Norges første selfangar bygd i stål.

Nesset har styrt med mykje forskjellig opp gjennom åra, men dei siste 20 åra har det gått i stål.

– Eg kom til Stettin i Polen i 1997. Før det jobba eg nokre år hjå stålgrossisten Dahl Jørgensen. På den tida byrja industrien på Vestlandet å spørje etter billegare arbeidskraft, og eg vart spurd av mine kunder om å søkje nye muligheiter. I ti år dreiv eg dette som agentverksemd, og gjorde mykje av jobben frå Norge, sidan eg i ein periode også var aktiv i politikk og ei periode også ordførar i Hareid. Men då eg var ferdig med denne perioden forstod eg at eg måtte gjere eit val, og eg bestemte meg for å etablere meg i Polen, fortel han.

Kundar over heile Skandinavia

Dei siste ti åra har han drive eige firma med ein miks av stålproduksjon og utleige av arbeidskraft til Norge. Firmaet har hovudkontor med 10–12 tilsette i Gdynia, og eit verft i Stettin, der Polarstar har blitt restaurert.

– Vi produserer ikkje skrog lenger, men har kundar over heile Skandinavia for andre typer konstruksjoner. Har vore med på veldig mykje, offshore og on shore produksjon. Har leveransar spesielt til industrien på Vestlandet Det går og mykje i rustfritt stål til fiskeindustrien, og vi leverer stål og treverk til møbelindustrien. Og ser du ein ballbinge langs vegane , kan du rekne med at han Willy har vore inne i bildet, seier han.

Nesset fortel at han har lagt vekt på å ha alle papir i orden, at selskapet har både ISO- og Achilles -sertifikat og er soleis kvalifisert for ulike oppdrag på land og sjø.

Intervjuet blir stadig avbrote av innkomne telefonar, naturlegvis med ringetonen «Polarstarvalsen», komponert av Per Arne Brandal.

– Gi meg åtte veker, svarer Willy ein kunde som vil kjøpe 250 tonn med stål.

Vel 20 mill. kroner

Når vi går han på klingen, svarer han at det har kosta om lag 20 millionar kroner å få restaurert Polarstar, og at det meste er finansiert med eigenkapital gjennom selskapa Marine Constructions og VS Poland.

– Eg har finansiert alt sjølv, men håper å få att ein god del av Riksantikvaren. Eg må søkje år for år, slik er reglane der i garden. Vi fekk tilskot for 2017, og tilsegn for 2018. Eg håper vi kan få noko for 2019 også.

– Du må vere ein rik mann – ?

– Nei, ikkje etter dette, svarer Willy – og peikar på ein plakat av Polarstar som heng på det tidlegare prestekontoret.

Eit påtrengande spørsmål er kva som har fått Willy Nesset til å bruke så mykje pengar på å restaurere Polarstar. Vi har høyrt han fortelje historia om broren Evald som døydde under ei ulykke ved Hovland-fabrikken i Brandal, og at han aldri har gløymt omsorga som folk i Brandal då viste til familien i sorg på Nesset. Og om bror Kolbjørn som og var i dette ishavsmiljøet.

Tøffe år som styreleiar for Ishavsmuseet

– Men det må vere noko meir?

– Ja, eg er glad i bygda mi, glad i folket som bur her og eg er glad i historie, svarer han.

Då Willy Nesset gjekk av som ordførar, sa han ja til å vere leiar for styret til Ishavsmuseet Aarvak. Eit oppdrag han hadde i ca fem år.

– Utfordringa vart større enn eg hadde tenkt. Det var midt i prosessen med oppføring av vernebygget, og hadde det ikkje vore for Rise Bygg AS ved Peter Rise og Kåre Audun Haddal, så veit eg ikkje korleis det hadde gått. Dei trudde på oss og stolte på oss. I tillegg arva eg ein prosess med utmeldinga frå Stiftinga Sunnmøre Museum. Enkelte prøvde å framstille det som ein konflikt mellom Ishavsmuseet og stiftinga, men det var ikkje tilfelle. På forhandlingsrommet gjekk det korrekt for seg, oss fylgde dei avtalar som tidligare var gjorde, med dei retter og plikter det medførte. Det var ei trasig periode slik. Vi måtte til Stiftingstilsynet med alle papir, og fekk godkjenning for alt som var gjort, samanfattar Nesset.

– Første året Ishavsmuseet var åleine gjekk omsetninga frå mellom 300-000-400.000 kroner til to millionar kroner, legg han til.

Stor respekt for tidlegare innsats

Men tilbake til Polarstar.

Willy vil gjerne understreke at han har stor respekt for innsatsen som Jarl Brandal, Bjarne Brandal og Lars Brandal gjorde då dei berga Polarstar frå å bli spikar rundt år 2000.

– Det arbeidet dei gjorde då er ei viktig årsak til at skuta no kjem heim til Brandal. Dei fekk henne til og med i isen nokre år.

Men så starta nedturen igjen, og i 2008 oppdaga Willy at Polarstar igjen var til sals.

– Eg såg føre meg to skrekksenario:

1. At ho vart seld til nordlendingar

2. at ho vart gjort om til spikar.

I dag, laurdag 26. august, kjem Polarstar til Brandal, og vi er mange som gjerne vil ha eit svar på kva det er reiar Willy Nesset eigentleg vil bruke skuta til.

– Ho skal aldri meir vere fangstskute i isen. Det er klinkande klart. No er ho verna av Riksantikvaren og er eit vernefartøy. Men eg har håp om å kunne ta henne opp til polare strøk. Eg har fått spørsmål frå folk både i Italia, Frankrike, Russland, Sverige, England og Norge som vil leige skuta. Men ho blir ikkje leigt ut no. Nokre papir frå Sjøfartsdirektoratet manglar framleis på at skuta kan segle der ho vil, når ho vil. Så ho blir nok liggande i Hareid hamn over vinteren. Så får vi sjå når det grønskar i liene til våren. Mange har kontakta meg i Polen og vil signere leigeavtalar, men eg har sagt «ha dokke vekk ei stond til». Eg har inga drivkraft om å tene pengar på skuta, det er ikkje det viktigste. Det er kjærleiken til folket og historia. Ho skal ende opp som ei gåve til Ishavsmuseet. Men først skal ho visast fram.

– Det kan kanskje bli dyrt for museet – ?

– Nei, Ishavsmuseet skal ikkje heftast økonomisk, svarer han kontant.

Meir alvor

Dei som kjenner Willy Nesset meiner han er ein både morosam og sjenerøs mann. Men undervegs i samtalen på «prestekontoret» slår det meg at han ikkje er så blomstrande og treffsikker i replikken som tidlegare.

– Eg er framleis ein glad gut, men har blitt litt merka, og har vore nøydd til å strukturere meg. Eg er sliten, og klarer ikkje å slappe av. Hektisk produksjon og restaurering av Polarstar har gjort at ca. 12 kg berre har rent av meg. Dei siste fire åra har eg vore meir i Polen enn heime på Hareid. Og når eg er heime er eg ute og jagar kontraktar. Så eg er ein dårleg plenklippar, malar og snikkar. Dei rundt meg synest nok det til tider har gått over stokk og stein. Dei skal ha takk for at dei har halde ut. Eg trur ho «konemor» snart må få det nye kjøkenet ho har purra på lenge. Då kan det vel hende det dukkar opp ein balljemiddag eller to.

Willy og «konemor» Sølvi har vore gifte i 40 år. Dei har 3 vaksne døtrer i lag, som til saman har gitt dei ni barnebarn.

– Det er stas, skikkeleg stas.

To alvorlege hendingar

Dei fleste menneske som har levd ei stund ber på nokre hendingar som har merkt dei. Willy fortel han har to.

Den første var då broren Evald-Arne døydde.

– Eg gjekk for presten og vart liggande i to døgn oppe på loftet og grine. Då kom min salige onkel Peder Eikrem og sa at det ikkje nytta å ligge der og grine lenger. Det var berre å kome seg ut, på skule. Det var den tids terapi!

– Den andre hendinga som plager meg eigentleg kvar dag, er at ein av sønene til søster Jenny forsvann sporlaust etter ein dans i Stordalen i 1989. Eg er ikkje imponert over arbeidet til politiet. Vi leigde inn privatetterforskar Ola Thune. Han kom med sin konklusjon, men politiet tok det ikkje på alvor. Eg synest det er trist at søstera og svogeren min døydde utan å få svar på kva som skjedde med Tor-Inge, seier Willy.

Men no skal han prøve å slappe av og berre glede seg over heimkomsten til Polarstar nokre dagar.

– Det kjem til å bli eit styr. På siste strekket inn til Brandal blir både Riksantikvaren, folk frå Utanriksdepartementet og den polske ambassadøren om bord. Men det betyr vel så mykje for meg at folk blir glade og fornøgde når dei ser «staren».

Dobra, dobra: - Eg tek ordra. Det er viktigare å kjøpe stål enn å ta hjorten, svarer Willy Nesset ein kunde som vil kjøpe stål Foto: Anne Gry Eilertsen