Elin Gaustad (29) er frå Vevang på Nordmøre, men er busett i Volda. Ho har nyst teke til i stillinga som ungdomsarbeidar i Hareid sokn, og har fått eige rom på kyrkjekontoret, men reknar med at mykje av arbeidstida hennar blir på Hareid bedehus, der både Ten Sing og Tweensklubben har samlingane sine.

- Eg gler meg skikkeleg. Eg har ein bachelor i musikk frå Høgskulen i Volda, eit halvår med ensemble-leiing pluss PPU (praktisk pedagogisk undervisning), så eg kan nokså mykje i teorien. Men no skal eg praktisere også. I førre veke møtte eg både Ten Sing-koret og Tweensklubben, og begge deler verka lovande, så eg ser fram til framhaldet, smiler ho.

Tweensklubben er for 6.- og 7.-klassingar, og møtestaden er Hareid bedehus anna kvar torsdag.

- Vi spelar spel, har leikar og held ei kort andakt. Målet er å bygge samhald og respekt for kvarandre, seier ho.

Lyssky og svaksynt

Du merkar med ein gong du kjem nær Elin at det er noko spesielt med henne. Augene er så mørke, og det ser ut som heile irisen er ein pupill.

- Eg er fødd med genfeilen akromatopsi. Det inneber at eg er ekstremt lyssky, nærsynt og totalt fargeblind. Eg ser berre svart/kvitt, fortel ho.

For å kjenne att andlet må ho nokså nær inn på andre menneske, men med åra har ho lært seg å kjenne att folk på kroppshaldninga deira.

Folk har vanlegvis både dag- og nattsyn. Elin har berre nattsyn.

- Eg brukar heildekkande brune linser inne, og i tillegg solbriller når eg er ute. Viss ikkje, blir eg heilt blenda, forklarer ho.

Utan desse hjelpemidla hadde Elin vore hjelpelaus og praktisk talt blind.

Ho har ei eldre søster som har same genfeilen, og då Elin kom skjøna foreldra fort at også den nye babyen var svaksynt.

- Eg har akseptert at slik er det, og at det gjeld å gjere det beste ut av situasjonen, seier ho.

Vart mobba

Vevang er ei lita bygd, og følgjeleg med ein liten barneskule. Elin skildrar ei fin barneskuletid.

- Men på ungdomsskulen vart det mykje verre. Då kom eg på ein stor skule, og som både svaksynt og sjenert vart eg ganske kjapt eit mobbemål. Både eg og foreldra mine fekk merke ei innstilling om at det var offeret som var problemet, i staden for dei som mobba, fortel ho.

Den erfaringa har ho tenkt å dra nytte av som faglærar og ungdomsarbeidar. Mobbing må det vere null-toleranse for, ikkje berre i teorien, men også i praksis.

- Mobbing kan skje i Ten Sing-miljø også. Det er viktig å formidle gode haldningar og verdiar både i heimen, på skule og i barne- og ungdomsmiljø.

- Har du rista av deg dei vonde minna?

- Eg prøver. På vidaregåande skule kom eg inn i eit meir inkluderande miljø, og då eg gjekk på Rauma folkehøgskule (Molde folkehøgskule i dag) fekk eg gode venner som eg framleis har kontakt med. Det var på mange måtar under folkehøgskuleåret at eg byrja å blomstre.

Forløysinga kom på folkehøgskule

I barndomen heime på Vevang var Elin med i eit kristent barnekor frå 4- til 12-årsalderen. Ungdomsskuletida vart vanskeleg og ho trekte seg tilbake frå songen. Men så kom forløysinga på Rauma folkehøgskule. Ho gjekk på lina for «musikk og band», og lærte seg å spele gitar. Derifrå var vegen kort til å komponere og skrive sine eigne låtar. Og den blyge jenta frå Vevang tok skrittet heilt ut og melde seg på TV2-konkurransen X-Faktor med den eigenskrivne songen «Confessional song».

- I ettertid ser eg at det var dristig å melde seg på med eigen låt, men det gjekk no bra. Eg kom til Topp 24 og vart ganske raskt ein publikumsfavoritt. Ein av dommarane, Jan Fredrik Karlsen, var totalt usamd i at eg skulle ryke ut - og då både han og eg litt seinare var med i «Senkveld med Thomas og Harald», spurde Jan Fredrik om eg ville jobbe med han. Dermed gjekk eg rett på platekontrakt, oppsummerer Elin.

Platekontrakten førte også til at Elin vart gjesteartisten til Kurt Nilsen.

- Vi heldt 30 konsertar frå nord til sør, og eg lærte mykje av han også.

I staden for å vere utøvande musikar har Elin dei siste åra konsentrert seg meir om studiane.

- Men eg opptrer framleis litt - og blir eg spurd, så tek eg gjerne ein trall.

Hiphop-gospel

På første øvinga til Hareid Ten Sing møtte det opp 36 songarar, dei aller fleste jenter.

- Eg håper det kjem fleire på neste øving, både gutar og jenter. Alle mellom 8.-klasse og opp til 20 år er velkomne. Ten Sing skal vere ope og inkluderande, og målet mitt er å bli kjend med kvar enkelt person. Det er når folk blir sett, at dei blir inkluderte.

Øvingane er på Hareid bedehus, og der skal det i tida framover øvast inn pop, hiphop-gospel og litt salmar. Og viss nokon ber henne om det, kan det hende ho tek ein liten trall sjølv også - - .