Å intervjue den nye rektoren ved Haddal skule er ikkje berre enkelt. Inne på rektorkontoret blir samtalen stadig avbroten. Ein elev kjem inn for å vise fram ein teikning han har laga, og må sjølvsagt få respons. Ein lærar må berre gi ei beskjed, og ein telefon frå ei mor kan ikkje vente. Vibeke noterer noko på ein lappe, og spring ut for å formidle vidare det ho har fått vite.

– Det er veldig spennande å vere rektor, det skjer noko heile tida, seier ho når ho kjem tilbake til kontoret.

Vibeke er 47 år gammal, fødd i Trondheim og oppvaksen på Sæbø og i Ørsta. Ho har jobba i skuleverket sidan 1995 og har budd både i Tromsø og Oslo. Blant stillingane ho har hatt er tre år som rektor ved Volda ungdomsskule.

Men no er det altså vesle Haddal skule, med sine 68 elevar, ni lærarar og fire assistentar som er arbeidsplassen hennar.

– Ved ein liten skule blir arbeidet allsidig. I tillegg til det administrative, underviser eg litt også. Og så får eg fort ei oversikt, både over elevane, dei tilsette og foreldre/føresette. Eg kjenner igjen andleta på alle elevane, og kan namna deira også. Men eg har sagt til dei at det er ikkje sikkert eg klarer å kome på det rette namnet deira med ein einaste gong, viss eg møter på dei i Ulsteinvik, fortel Vibeke.

Godt læringsmiljø

– Eg likar godt at skulen er forholdsvis liten, men her kunne godt vore nokre elevar til, legg ho til.

Om ho siktar til etablering av byggefelt i Haddal, eller at innbyggjarane skal produsere litt fleire barn, seier ho ingen ting om.

Sidan ho tok til som rektor har ho sjølvsagt hatt fleire samlingar med kollegaene, og ho har også gjennomført eit foreldremøte.

– Hovudsatsinga ved Haddal skule er at vi som arbeider her skal vere gode klasseleiarar og relasjonsbyggjarar. Vi skal skape eit godt samhald og jobbe systematisk for å få eit godt læringsmiljø. I tillegg skal vi sjølvsagt også legge vekt på teknologi i skulen og vurdering for læring, som alle skulane i Ulstein kommune framleis skal satse på.

Vibeke er overtydd om at noko av det viktigaste ein lærar kan gjere, er å sjå kvar einskild elev.

– Elevane vil bli sett, og dei vil bli likt. Det er skulen si oppgåve å hjelpe elevane til å meistre og utvikle seg. At barnet får ein god start på skulelivet sitt kan vere a gjerande for korleis livet deira blir vidare, seier ho med alvor i røysta.

Vibeke er busett i Volda, og meiner Eiksundsambandet har gjort pendlingane sytalaus.

– Eg er tilbake i Volda på ein blunk, og er på ein måte fristilt når eg kjem heim.

Heime i Volda har Vibeke to born som skal følgjast opp. Magnus på 16 år som spelar fotball og no i haust byrja på idrettslina ved Ulstein vidaregåande skule, og dottera Ingvild, som er 18 år og går siste året ved musikklina til Volda vidaregåande skule.

– Sjølv om dei er ungdommar, brukar eg mykje tid på å følgje dei opp, så dei er framleis med på å styre livet mitt. Det blir mykje køyring til og frå fotballkampar, og eg har vore oppmann for fotballen i aldersbestemte klasser i Volda i årevis, og ho har vore med i hovudstyret i Volda Fotball.

Dottera Ingvild er aktiv i Uppheim-miljøet i Volda, og der stiller mora opp både som kakebakar og loddkjøpar.

– Dei likar at eg er involvert, og eg synest det er kjekt å sjå at det er mange ungdommar som blomstrar i desse miljøa.

Sjølv var Vibeke for nokre år sidan innom det då nystarta Gospelkoret i Ulsteinvik.

– Men det vart med nokre månader. Eg fann fort ut at eg ikkje hadde plass til slikt i denne fasen av livet, slår ho fast.

Tidlegare var ho med i både Speidaren og Ten Sing-rørsla, men i dag er ho med berre i ei KFUK-gruppe.

– Eg har også ein kjærast som eg ikkje bur saman med. Han er sjukepleiar og veldig koseleg. Det er godt å ha ein omsorgsfull sjukepleiar, smiler ho.

Av og til går ho skravleturar saman med venninner rundt Rotevatnet, andre gonger blir det småturar i fjellet, gjerne saman med kjærasten.

– No er planen å utforske fjella i Ulstein litt meir, og eg tenker eg får starte på Haddal, så kanskje blir det ein tur til Blåtinden snart.

Men oppvekstvilkåra til barn og ungdom er det som opptek henne aller mest. Både på arbeid og i fritida.

– Mange av venene mine er lærarar eller jobbar i andre omsorgsyrke. Det gjer at det blir mykje snakk om oppvekstvilkår og gode møteplassar for ungdom. Eg brenn for at barn og ungdom skal bli tekne på alvor og bli trygge menneske, seier den nye rektoren ved Haddal skule.