Sist ute med å trykkje dei fantastiske undervassbileta, tatt av den premierte fotografen Per Eide frå Ulsteinvik, er det verdskjende reisemagasinet Lonely Planet. Dei har også vore på trykk i The Telegraph, ein av dei største avisene i Storbritannia, Malta Today, Time Travel and Leisure, og blir også nytta av maltesiske turistmyndigheiter til marknadsføring.

– Responsen eg har fått på desse bileta har vore enorm. Det er veldig kjekt å få gode tilbakemeldingar, seier Per Eide.

Då bogen framleis stod oppe var den blant dei mest kjende naturlege attraksjonane i Middelhavet.

Sjå video frå staden, laga av Per Eide.

Den har også vore med som kulisse i mange filmar, til dømes i Clash of the Titans og Greven av Monte Cristo, men også i fleire TV-seriar, som til dømes scena der fiksjonsfigurane Khal Drogo og Daenerys Targaryen gifta seg, i første sesongen av svært populære Game of Thrones.

Per Eide gjorde sitt fyrste dykk ved Azure Window for 16 år sidan. Då han og kona Berit Lyngstad dykka der i fjor, såg dei at bogen var byrja å bli veldig tynn under.

– Vegen ut på platået var stengd, då fagfolka vurderte at det ikkje lenger var trygt å gå der. Vi hadde jo sett når vi dykka under bogen at det hadde lausna store, kvite steinar frå taket i bogen, og dei fleste forstod nok at bogen til slutt stod på lånt tid, seier Per Eide.

Han fortel at vêr- og bølgjeforholda rundt bogen kunne vere veldig tøffe til tider, og at bølgjene kunne slå heilt opp i taket på bogen, som var rundt 28 meter høg då den framleis stod oppreist.

– I mars i år rasa bogen i havet, fortel Eide.

Frå katastrofe til dykkarparadis

Fotografen fortel at det like etter kollapsen var nærast katastrofetilstandar blant dei som hadde drive turisme knytt til steinbogen.

- Den største turistattraksjonen var jo borte, så eg skjønar jo at fleire reagerte med sorg. Men, i staden har det blitt eit fantastisk mål for dykkarar, seier Eide.

Steinblokker store som hus ligg no på havbotnen like under der Azure Window stod.

- Heile steinbogen rasa utover. Vi hadde over fleire år observert at pilaren, like ved der vassoverflata stod mot steinen, var byrja å bli veldig tynn. Så kom dagen, i mars i år, då ein storm gjorde at den til slutt rasa ned. Vemodig, men i staden har vi fått den «heitaste» plassen å dykke på i heile Middelhavet for tida, seier Per Eide.

«Azure-alpane»

I år var det Per og kona Berit sitt 15. år med dykking på Gozo. Dei har gjennom alle år hatt eit godt og tett forhold til drivarane av dykkarsenteret Calypso, og det var dei som lurte på om Per Eide kunne dokumentere korleis det såg ut på havbotnen.

- Dei rekna med at dette kunne bli eit attraktivt dykkarmål. Så eg tok nokre bilete, sende dei til Calypso, og dei la dei ut på nettsida si. Så tok det av, seier Per Eide.

Sidan har førespurnaden vore stor etter bileta frå store medieaktørar kring om i verda.

– Eg var den fyrste som tok gode bilete av dette, og då folk fekk sjå dei blei dei veldig fascinerte. Eg nytta også kona mi Berit som modell, for å vise kor enorme dimensjonane på desse steinblokkene er. Det viser på ein god måte kor imponerande dette verkeleg er. No kallar vi det berre for «Azure-alpane», seier Eide og flirer.

Steinane er enno for det meste kritkvite, slik dei såg ut før bogen rasa ned, men det vil etter kvart byrje å gro til.

– Nettopp difor var det så viktig å dokumentere dette no, seier Per Eide.

Som håpar at også ulsteiningar og hareidsdølingar reiser til Gozo for å få med seg dette flotte nye dykkarparadiset i Middelhavet.

– Det er vel verdt turen, seier han til slutt.