Leif Teksum har ein imponerande lang CV. Skal ein kome inn på alt han har gjort i sitt lange yrkesliv ville ein ikkje fått plass til noko privatliv i denne laurdagspraten. Spesielt interesserte kan gå inn på nettsida til Vest Corporate Advisors. Leif er partnar i konsulentselskapet med erfarne rådgjevarar for bedrifter.

Leif er fødd på Ringsaker i 1952.

– Så eg er oppvaksen i Prøysen-land, men har lagt att dialekta mi, fortel han på ein slags normert bokmålstale. Det er mange år sidan hedmarkingen budde på Ringsaker. Etter førti år i Bergen og nokre år i London har dialekten blitt noko avslipen med åra.

Han vaks opp på ein bondegard som yngstemann av fire søsken. Han møtte hjelpe til på garden, og hadde han fått spørsmål då han var liten om kva han ville bli når han vart stor, ville han nok svara bonde, trur han sjølv. Men faren hans var bestemt på at borna burde ta høgare utdanning.

Leif gjorde som dei to storebrødrene sine og utdanna seg innan økonomi. Først gjekk han Hamar handelsgymnas, deretter utdanna han seg til siviløkonom på Norges Handelshøyskole i Bergen.

Arbeidd innan oljeindustrien

Den første jobben Leif hadde etter handelshøgskolen var faktisk innan oljeindustrien. Han arbeidde fem år i Mobil.

Mange år i DNB

Deretter følgde mange år i DNB. Der var han mellom anna to år ved London-kontoret til banken. 1991 til 2013 var han konserndirektør i DNB Bank.

– I 2014 bestemte eg meg for å gå av med pensjon. Eg er pensjonist, og får utbetalt pensjon frå DNB og Nav, fortel Leif.

Men han pensjonerte seg ikkje for å slutte å jobbe, heller for å disponere tida si annleis. No fyller han dagane sine med styreverv.

Styreleiar i tre selskap

– Eg jobbar meir enn ein åttetimarsdag, seier styreleiaren.

I tillegg til å vere styreleiar i Kleven er han styreleiar i Yara International ASA, noko han har vore sidan 2014. Det er det femte største selskapet på Oslo Børs, og tar ein del tid å vere styreleiar for. I tillegg er han styreleiar i familieselskapet Leonhard Nilsen & Sønner. Sistnemnde er eit entreprenørselskap i Andøy som byggjer mellom anna tunnelar og vegar og driv gruveverksemd.

Han er også styremedlem i fleire andre selskap.

– Les du styrepapir på sengekanten?

– Nei, det gjer eg ikkje. Men eg er van med å ta med meg sakspapir heim. I DNB hadde eg ansvar for heile næringsporteføljen. Eg las lange kredittvurderingar før eg bestemte meg for om me skulle innvilge lån. Eg er god til å setje meg inn i ting relativt raskt, svarer økonomen som ha blitt kalla næringslivets bankmann.

Det er første gongen han direkte jobbar for eit verft, men han har hatt nokre verft i kundeporteføljen sin då han arbeidde i bank. Han trur det kan vere ein fordel at han veit korleis bankane tenkjer i det nye styrevervet sitt.

Må bli litt kjende først

Leif vil ikkje seie så mykje om kva det første det nye styret vil gripe fatt i er. Tysdag møttest dei for første gong som styre. Sjølv om han har møtt fleire av styremedlemene tidlegare, vil han ikkje seie at dei kjenner kvarandre så godt. No må dei bruke tid på å bli kjende både med kvarandre og selskapet dei skal styre. Tysdag fekk dei ein grundig statusrapport og omvising på både Kleven og Myklebust.

– Ei viktig oppgåve no framover er at styret forstår verksemda godt, seier styreleiaren. Han viser også til den store ordreboka Kleven har. Det er viktig at Kleven no får bygt dei store båtane dei har tatt på seg å byggje og følgjer opp dei pliktene dei har tatt på seg, og følgjer god standard.

Sidan både styreleiaren og styret er nye, er det naturleg at dei nyttar ein del tid i lag framover. Men han vil ikkje røpe når neste styremøte blir, eller kor ofte dei vl ha møte framover.

Glad i turar

Gjennom jobb har Leif brukt mykje tid på reising og hotell. Når han skal kople av likar han godt å bruke tid på familie og turar. Dei har ei hytte på Kvamskogen og eit hus på Andøy, der kona er frå.

– Det er fantastisk fint der.

Kleven: – Det er ein spennande utfordring, seier Leif Teksum om den nye rolla si som styreleiar i Kleven. No er det viktig at styret, leiinga og dei tilsette samarbeider godt i lag. Det er for tidleg å seie noko om det blir endringar i den lokale leiinga. Foto: Per Eide Foto: Per Eide