Dei som kjenner sunnmørsfotballen har truleg høyrt om Oddmund Davik Otterlei. Mannen som spelte heile 375 A-lagskampar for sitt kjære Brattvåg, tok i mot Vikebladet Vestposten på sitt nye kontor på Høddvollhuset.

Der har han ei utsikt ut mot øyane og storhavet, som det nærmast er til å miste pusten av.

– Eg har knapt vore her i litt over ei veke no, men eg kan med handa på hjartet seie at eg trivast særs godt, seier Oddmund Davik Otterlei, og tek seg ein slurk kaffi.

Han vaks opp på Helland. Ei lita fotballgal bygd med utsikt over mot Brattvåg på andre sida av Naustvågen.

– Der var det verkeleg fotball som stod i sentrum. Familien flytta etter kvart til Brattvåg.

– Fotball har betydd mykje for meg heile livet, og er framleis sentralt.

Då Oddmund presenterte seg sjølv under pressekonferansen etter tilsetjinga i august i år, snakka han både om jobben han kom frå, og sin mangslungne bakgrunn innanfor fotballen. Etter ei fin barne- og ungdomstid i Brattvåg studerte Oddmund ved Høgskulen i Volda, og utdanna seg til lærar i matematikk og kroppsøving.

– Eg har no jobba 18 år på Brattvåg ungdomsskule etter eg var ferdig med utdanninga i Volda. Dei siste åra som rektor. Eg gjekk alle gradene, frå lærar til inspektør, og frå inspektør til rektor. Det var ein fantastisk bra arbeidsplass, som eg garantert vil sakne, men denne moglegheita kunne eg rett og slett ikkje takke nei til, seier han.

Trykte «send» berre ein time før fristen

For Oddmund, eller rettare sagt kona Astrid, såg ein dag tidlegare i år ein stillingsannonse på trykk i Sunnmørsposten.

– «Om du nokon gong skal prøve noko anna, så kvifor ikkje dette», sa Astrid og viste meg annonsen der Hødd søkte etter ny dagleg leiar. Men eg måtte nok litt i tenkeboksen først. Eg trykte faktisk ikkje på «send»-knappen før det berre var igjen ein time før fristen gjekk ut, seier Oddmund og flirer.

CV og søknad blei sendt, og plutseleg kom innkallinga til intervju frå Hødd i innboksen nokre veker seinare.

– Du kan godt seie at eg ikkje angrar på at eg søkte, seier han smilande.

– Ein stor del av livet

For Oddmund, kona Astrid og borna Hanne, Ingvild og Erlend, er fotball ein stor del av livet.

– Vi er glade i å finne på ting saman, men det endar som regel opp med å bli noko fotballrelatert. Heile familien er fotballgalne, og både eg og kona mi har sett kampar på nokre titals stadion i England, til dømes.

Å pendle til Ulsteinvik blir ikkje noko problem for Oddmund.

– Nei, ikkje i det heile. Eg har som sagt ei kone som er like glad i fotball som meg sjølv, og som skjønar veldig godt kor viktig dette er for meg. Borna byrjar dessutan å bli store alle tre, og tykkjer det er kjekt at pappa har fått seg ny jobb. No kjem eg også til å få tilgang på ei leilegheit her i Ulsteinvik med tida, slik at eg og til tider kona mi og borna mine kan vere her i helger eller i lengre periodar om vi vil, seier han.

– Hødd skal vere ein toppklubb

Med Oddmund Davik Otterlei ved roret skal Hødd igjen kjempe om å halde seg i toppen av fotball-Norge.

– Heilt klart. Dette er ein tradisjonsrik klubb med ei lang merittliste. Ein klubb som høyrer heime på eit høgare nivå enn vi er på i dag. Vi skal jobbe kvar dag for å kome oss opp igjen i 1. divisjon. I tillegg vil eg forsøke å setje mitt preg på administrasjonen og klubben, og eg ønskjer at menneska i Hødd skal vere i fokus. Vi skal gjere kvarandre gode. Dette er noko eg har med meg etter mange år i skulen, dei siste åra som leiar. Vi skal utvikle oss saman, seier Oddmund og legg til:

– Vi skal mellom anna jobbe for å få spelarkontraktar og anna kring laget raskare på plass i framtida, slik vi får betre oppkøyringar til sesongane.

Gler seg til fortsetjinga

Sjølv om jobben som dagleg leiar i stor grad handlar om kontorarbeid, ønskjer Oddmund framleis å vie delar av livet til fotballen.

– Eg har jo sparka rundt på denne kula heile livet mitt, og spelt nokre kampar i mi tid. Etter spelarkarrieren var over vart eg hovudtrenar for Brattvåg, og var det i fem år. Eg har også trena Norborg. No for tida er eg framleis aktiv i Brattvåg, som trenar for to yngre lag, i tillegg til damelaget. Eg tenkjer det er sunt med ein god kombinasjon, og gler meg til fortsetjinga, seier Oddmund Davik Otterlei til slutt.

Borna: Her er døtrene Ingvild (t.v.), Hanne og sonen Erlend under ein ferietur. Foto: Privat. Foto: Privat
Oddmund og Astrid: Kona Astrid Dahl er like fotballgal som han sjølv, hevdar Oddmund. Foto: Privat. Foto: Privat.