Eg kan godt innrømme det først som sist. Eg er ikkje av dei som omfamnar hausten når han kjem. Eg synest i grunnen hausten er ganske trasig. Det blir vått og kaldt. Ein del hevdar det er så triveleg med haust. Då kan ein tenne opp i peisen og kose seg under eit pledd med ei god bok. Akkurat som ein ikkje kan lese bøker andre tider av året.

Hausten fører ikkje med seg noko betre tid til slikt. Eg har akkurat like mange kveldsvakter som resten av året. Jentungen har like mykje lekser eg må hjelpe med. Minstejenta krev like mykje merksemd som elles. Og haugane med klesvask blir i alle fall ikkje noko mindre denne årstida. Omtrent dagleg får eg med meg våte byltar med klede frå barnehage og skule som må vaskast og tørkast før neste dag.

Hausten er spikaren i kista for å vente på sommaren som aldri kom. No er det tid for å slutte å vente. Det er lenge til neste sommar, og det er ikkje sikkert han kjem då heller.

Førebels har eg skrapa is av frontruta to morgonar. Det er berre å innstille seg på at slik blir morgonane framover, så får eg glede meg over kvar morgon eg slepp å starte dagen med å moke snø for å få ut bilen.

Det er mørkt når me drar om morgonen, og mørkt etter me har fått i oss middagen. Me veit at for kvar dag i to månader framover vil dagane stadig bli kortare og kaldare.

Eg kan eigenleg bli litt nedtrykt av denne årstida. Eg trur ikkje det er tilfeldig at verdsdagen for psykisk helse er lagt til hausten.

Er det nokon grunn til å omfamne hausten eigenleg? Tja, denne hausten fekk eg for første gong hauste eigne poteter. Det var stas. Det vart bortimot sju kilo. Ungane nærast slost om potetene ved middagsbordet. Det vart også nokre gulrøter, eple og vårlauk frå eigen hage.

Ein del hevdar at livet er best ute. Dei om det. Noko eg får energi av er kulturelle opplevingar. Sist helg var eg så heldig å få gå på konsert med Odd Nordstoga. Du verda for ein fyr! Han kunne ha vore skrive ut på blå resept.

Her kom songperlene som på ei snor. Dette er ein artist eg har følgt lenge og lytta mykje til, så eg greidde ikkje la vere å sitje å småsyngje for meg sjølv gjennom heile konserten. Han starta med «Hallo Hallo» frå plata Luring. Denne songen hadde eg i si tid som ringetone på telefonen min, så glad var eg i han.

Her var klassikarar som «Linus i Svingen», «Kveldssong for deg og meg» og «Frøken Frantsen». Og ein del av dei nyare songane var også med. Nordstoga sjølv tipsa om at «Kunsten å gå» er litt som medisin. Om ein har ein litt tung dag, kan folk prøve å setje på denne dagen.

Mang ein morgon etter ungane er leverte på skule og barnehage har eg høyrd på denne songen i bilen på veg til jobb. Eg syng med på at eg er ute veldig tidleg, rutene er isa og at det er eg som har serveren i mitt liv. Problemet er berre at etter denne songen kjem «Dette landet». Og den songen er så vakker at eg ikkje greier å høyre han utan å felle ei tåre.

Diverre, eller kanskje heldigvis, gløymde Odd å syngje denne songen sist laurdag. Men det var andre songar som fekk fram klumpen i halsen på meg. Som då han song «Ein farfar i livet» og eg tenkte på far min som var heime og passa ungane så eg og mannen kom oss på konsert. Me er i grunnen heldige.

Etter eg hadde sunge, ledd og grine meg gjennom konserten kjende eg at batteria mine var ladda opp og eg var klar for å gå ut i haustkvelden.