Vikebladet Vestposten møtte Bror Magnus i timane før konserten i Ulstein kyrkje torsdag. Det var ein smånervøs 24-åring som møtte lokalavisa, der han varma opp stemma før den store kvelden.

Her kan du lese om konserten: Briljerte på heimebane

– Ja, eg kjenner nok litt på det. Eg har stått på scena både under Nobelprisutdelinga og sunge for dronning Sonja og dronning Margrethe, men eg blir faktisk meir nervøs no. Det er her eg får synge for alle eg kjenner frå oppveksten min, seier Bror Magnus og legg til:

– Det er fyrst og fremst veldig kjekt å vere heime igjen, og veldig spesielt å halde konsert her i kyrkja. Ulsteinvik og Ulstein kyrkje har jo vore mitt musikkmiljø heilt ifrå eg var liten. Eg har vore med på Ten Sing her i kyrkja, sunge i kretskor, spelt elgitar på spørjesøndag i konfirmanttida og framført «O helga natt» her ved eit par høve. I tillegg har eg hatt mykje god læring gjennom kulturskulen i Ulstein.

Det er etter kvart ei kjent historie at dette med song var ei litt tilfeldig greie for Bror Magnus. Det var fyrst då ein av lærarane hans påpeika at han burde satse på stemmebanda sine framfor strengar og tangentar, at det heile verkeleg byrja.

– Det var jo gitar og piano, men fyrst og fremst gitar, som var det store for meg i starten. Men då eg byrja på musikklinja på Fagerlia vgs. bytta eg hovudinstrument. Ein av lærarane mine der, Lisbet Lislevatn, var den som fortalde meg at eg hadde ei stemme det var verdt å satse på. Eg gjorde så som eg gjer med det meste eg går inn for, eg gjekk «all in». Det valet har eg ikkje akkurat angra på, seier Bror Magnus og flirer.

Mykje eigentrening

Bror Magnus er allereie ein svært premiert songar, etter å ha fått Novomatic-stipendiat ved sjølvaste Wiener Staatsoper, der han siste året har vore ein del av solistensemblet, i tillegg til Jussi Bjørlingselskapets pris, 1. pris og publikumsprisen i Renata Tebaldi International Song Competition og i november i år, Statoils talentstipend i klassisk musikk.

Han har ei solid utdanning innan songfaget, etter å ha studert ved Conservatorio di Musica Santa Cecilia i Roma og Institutt for musikk ved NTNU etter vidaregåande.

– Eg har lært mykje frå dyktige folk rundt meg heile vegen, men eg må understreke at dette ikkje er noko ein berre kan bli fortalt. Dette er noko ein i stor grad må lære seg sjølv å bli god til. Det er utruleg mykje jobb som skal til for å bli god til å synge. Å synge slik at stemma høyrast når ein blir akkompagnert av eit orkester på 100 mann er ikkje berre, berre, seier Bror Magnus smilande.

Takkar foreldra

Den viktigaste støttespelaren for Bror Magnus gjennom oppveksten har vore pappa Bertil Tødenes.

– Pappa har jo vore ei eldsjel i det lokale musikkmiljøet, eit miljø som eg også blei ein del av etter kvart. Den oppveksten eg hadde, med musikk i fokus frå barnsbein av, ville eg ikkje vore forutan. Det er ikkje alle klassiske songarar som har så god rytmekjensle blant anna, men det føler eg at eg har fått gjennom ein allsidig musikkbakgrunn. Her har pappa spelt ei stor rolle. Det var han som sa at eg ikkje måtte gje meg, då eg fleire gonger truga med å slutte på piano eller gitar. Han har også lært meg mykje om det å vere eit godt menneske. Eg hadde ikkje vore der eg er i dag, utan pappa. Så vil eg også nemne mamma Anne-Grete, som er verdas mest tolmodige og viktigaste støttespelar for at vi karane skal få bruke mykje av tida på musikk og kultur, seier Bror Magnus.

– Eg har gjort det eg kan for å gje alle tre gutane våre moglegheiter. Bror Magnus er den som har vore mest interessert i musikk og song, og det er kjekt å sjå at han lukkast, seier Bertil Tødenes.