Marianne Brandal Haugen og Jardtrud Hareide går turar saman både i fjell, skog og fjøre heile året. På turane har dei eit vake blikk for ting som kan brukast i juledekorasjonar, sjølv midt på sommaren. Finn dei noko av interesse blir det lagra i fjøsen til Jardtrud Hareide på Elvaneset, indre Hareid.

– Berre fantasien set grenser

– Vi ser etter fine greiner, konglar, bork, skogskjegg og tjuger. Nesten alt kan brukast, berre fantasien set grenser, seier Marianne Brandal Haugen. Ho er utdanna blomsterdekoratør, men har dei siste åra jobba med andre ting. Men ho synest det er kjekt å halde handverket ved like, og storkosar seg når ho får stå i fjøsen saman med venninna for å lage juledekorasjonar.

Å samle gjennom heile året er ikkje dumt. Marianne fortel at konglane blir finare når dei har fått tørke, og skjella har sprunge ut. Også tresoppar, tjuger, kan med fordel tørke ei stund før dei blir brukt i dekorasjonar.

Når desember nærmar seg, ryddar Jardtrud og Marianne seg plass i fjøsen. Mellom store høyballar, fjøskattar, hundar og kaklande høner i bur, riggar dei seg til med arbeidsbenkar, kaffi på termos og julemusikk frå ein dab-radio.

Vikletråd og blomstersaks

– Når vi skal binde kransar er ståltråd, vikletråd, halmkransar og ei god blomstersaks viktig å ha for handa, forklarer Marianne.

Kransar kan lagast på to måtar. Anten bundne opp med ein halmkrans – eller laga frå botnen av, berre med ein ståltråd som rammeverk. Den siste metoden er mest arbeidskrevjande.

– Skal du lage ein einekrans berre med ståltråd går det med store mengder einer, og du må hugse å stramme vikletråden godt. Skal kransen bli fyldig må det lag på lag med einer til, tipsar ho.

Sjølv synest ho einekransar ofte blir finast når dei er enkle. Kanskje med tynne lerkegreiner med konglar og ei lyslenke med pittesmå lys i.

– Einekransar bør henge ute, det er ikkje så kjekt når dei byrjar å drysse inne, slår Marianne fast.

Konglekransar og mose

Men dei to venninnene manglar ikkje juledekorasjonar inne i husa sine. Konglekransar med skogskjegg, «juletre» av einegreiner dekorerte med skogskjegg, sviblar i korger som er pynta med mose, konglar og fine greiner er berre nokre av døma på kva dei to tryllar fram i fjøsen.

– Eg synest dette er ein både koseleg og avslappande hobby. Vi likar å vere kreative, seier Jardtrud.

Lite plast og glitter

Dei to er samde om at dekorasjonar av naturmateriale er det aller finaste. Dei vil ikkje ha så mykje plast og glitter på sakene dei lagar.

Begge har laga seg adventskransar med kubbelys, men er klare på at dei skal vere tende berre når dei er under oppsyn.

– Mykje glede i ein gammal fjøs

– Det fine med denne hobbyen er at vi får frisk luft og mosjon også. Å kome seg ut i naturen er herleg. Og så er det så sosialt å møtast i fjøsen. Av og til kjem her fleire venninner og er med på juleverkstad, og det hender her er både born og julefest. Det finst mykje glede i ein gammal fjøs, smiler Jardtrud.

Ho har vore kranførar ved Spenncon i ei årrekke, men har akkurat no flytta til Kina.

Men det er ei anna historie.

Kreative i fjøsen: Marianne Brandal Haugen (t.v.) og Jardtrud Hareide i fjøsdøra på Elvaneset, der dei produserer juledekorasjonar. Kransar av eine, konglar og «juletre» av einegreiner med skogskjegg på er litt av det dei tryllar fram. Foto: Anne Gry Eilertsen
Marianne Brandal Haugen har jobba fleire år som blomsterdekoratør og kan lage einekrans utan hanskar. Amatørar vil nok synest det er best med hanskar på. Foto: Anne Gry Eilertsen.
Kransar av konglar, korger med sviblar, mose og einer er litt av det som blir laga i fjøsen under juleverkstaden. Foto: Anne Gry Eilertsen.