– Det var totalt tilfeldig at eg hamna her i Nærings- og fiskeridepartementet, men eg trivast veldig godt. Så då har eg nok hamna på rett grein, fortel Ingrid Vikanes.

Ho er seniorrådgjevar i departementet, og var nyleg leiar for Noreg sine fiskeriforhandlingar med Færøyane. Avtalen inneber at Færøyane får fiske torsk, hyse og sei i norske farvatn, medan norske fartøy får fiske lange. brosme, sei og litt makrell færøysk sone. I tillegg får Færøyane fiske litt hyse og torsk, etter avtale med Russland, mot at Noreg får fiske delar av kolmulekvoten i færøysk sone.

– Det var greie forhandlingar. Vi hadde sett av to dagar, men brukte berre ein, seier Vikanes.

Utdanna jurist

35-åringen reknar seg som ulsteinvikar, men var innom både Stavanger og Bergen før ho flytta til Ulsteinvik som seksåring.

– Eg hugsar ein idyllisk oppvekst. Vi hadde det veldig fritt og sprang rundt og leika oss i Høddvollområdet. Eg spelte mykje handball og var også innom turn, fotball og friidrett.

Då ho var ni år var ho storesyster til tvillingane Mari og Bjørn.

– Eg passa dei ein god del, ja, spesielt då familien bygde hus i Hovsetgjerde. Då var tvillingane 3–4 år gamle, fortel Vikanes.

Etter vidaregåande var ho veldig usikker på kva yrkesval ho skulle ta. Inspirert av ein advokatonkel fall valet til slutt på jusstudiar: to år i Bergen og tre år i Oslo. Som ferdig utdanna jurist jobba ho eitt år i Oslo kommune, før ho i 2008- ganske tilfeldig- søkte og fekk jobb i det som i dag heiter fiskeri- og havbruksavdelinga i Nærings- og fiskeridepartementet. I starten arbeidde ho med rammevilkår for fiskefartøy, før ho skifta til fiskeforvalting.

– Eg jobbar mest med forvalting av fiskeressursar nasjonalt og mykje internasjonalt. Det handlar rett og slett om å vareta Noreg sine interesser og å bidra til ei meir berekraftig forvalting av fiskebestandar, fortel 35-åringen.

Noreg har gjensidig samarbeid med Russland, EU, Færøyane og Island om fiskeforvalting.

– Det er vi fem kyststatane som har havområde som grensar mot kvarandre i Nord-Atlanteren, fortel Ingrid Vikanes.

Noreg deltek i tillegg i fleire regionale fora, der ein samarbeider om fisket på det opne hav over heile verda.

– Vi er også med i større globale fora, som til dømes FN sin organisasjon for ernæring og landbruk, FAO.

Brexit

Ingrid Vikanes fortel om lange og travle arbeidsdagar. Men ho har ingen planar om å skifte arbeidsplass.

– Eg trivast veldig! Fiskeforvalting var ikkje ein del av studiane, så eg visste ikkje noko om det då eg starta i departementet. Eg har ein spennande jobb, for fiskebestandane er heile tida i endring. Vi kan ikkje styre biologien og naturen. Og så er det veldig god kontakt mellom forvaltarane i departement og direktorat, forskarar og næringa, seier ho.

Kva er dei største utfordringane for Noreg i fiskeforvaltinga no framover?

– Akkurat no er Brexit ei av dei store sakene. Når Storbritannia går ut av EU, vil vi få ein ny partnar i Nord-Atlanteren. Den offisielle datoen er 29. mars 2019, då må vi ha på plass nye avtalar med både EU og Storbritannia. Elles er Noreg eit føregangsland når det gjeld kamp mot ulovleg fiske i heile verda.

Skjer det mykje ulovleg fiske?

– Det er vanskeleg å seie kor stort omfanget er, men i enkelte delar av verda er dette eit veldig stort problem. I vår del av verda er nok ikkje dette eit like stort problem, vi har ei godt utvikla fiskeriforvalting og det har også vore naboland. Vi har også gode kontrollsystem, kystvakta til dømes, fortel ho.

Heim til jul

Når Ingrid Vikanes ikkje jobbar, likar ho å trene og å vere saman venar. Ho er glad i å reise, og fortel at ho og ei venninne sist sommar reiste med den transmongolske jarnbana frå Moskva til Beijing. Ei oppleving på alle måtar, seier ho.

I neste veke går ferda heim til julefeiring hos foreldra i Ulsteinvik. Og nyleg fekk ho ein grunn til å reise heim endå oftare:

– Eg vart tante for fem månader sidan, så no vert det nok fleire turar heim, ja.

Og kva ho gler seg mest til på matfronten i jula? Jau:

– Vi et alltid fisk 1. juledag. Då lagar mamma til laksemiddag. Det gler eg meg til!

storesyster: Då Ingrid var ni år gamal, fekk ho søskene Mari og Bjørn. Foto: Privat Foto: Privat