Like etter ho var ferdig med studiespesialisering (allmennfag) ved Ulstein vidaregåande, har det gått slag i slag for hareidsdølen Marthe Emilie Hansen. 29. juni starta ho nemleg i jobben som ny fylkessekretær i Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF).

Fram til torsdag sist veke har ho vore under opplæring, medan ho no er i full sving med sin nye jobb. Det vart derfor ein ferie av det korte slaget for Hansen.

– Ja, men det gjekk eigentleg heilt fint. Vi har ikkje vore så veldig heldige med vêret uansett så då er lett å få gjere noko produktivt på dagtid, ler ho.

Planen til Hansen er no å jobbe i full stilling som fylkessekretær i eit år, før ho truleg skal studere etter det.

– Det kan hende det blir to år også, det kjem litt an på kva eg vil når den tid kjem, men etter det er det mest sannsynleg juss eg kjem til å studere. Eg hadde rettslære som valfag på vidaregåande, som eg synest var gøy og interessant, utdjupar Hareid-jenta.

Tidleg engasjement

Trass sin unge alder er 18-åringen ikkje ukjend med å jobbe innanfor politikken, både som Ap-politikar og som partipolitisk uavhengig.

– Kva tid engasjementet starta veit eg ikkje heilt, men eg har alltid vore glad i å diskutere, ytre meiningane mine og tileigne meg ny kunnskap.

– Det var eigentleg når eg vart vald inn i Ungdomspanelet (UP) at eg merka at det var veldig gøy å drive med slik ting og utgjere ein skilnad. Så det var UP som eigentleg opna vegen for politikken, konkluderer ho med.

Hansen har også vore ein del av Ungdomsrådet i heimkommunen, i tillegg til å vere leiar for Hareid Arbeidarparti.

Men er det ein karriereveg som politikar eller advokat ho ser føre seg på sikt?

– Det veit eg ikkje heilt. No er fokuset å vere ein flinkast mogleg fylkessekretær. Eg likar jo å halde på med dette, så ein karriere innanfor det hadde vore gøy, men eg veit ikkje heilt enno, slår ho fast.

Frivillig

Sjølv om ho har gått inn i ny jobb, flytta til Molde og elles reiser rundt omkring for å delta på ulike politiske samlingar, har ho også litt tid til ikkje-politiske ting i sommar.

– Førre veke var eg frivillig under Molde-jazzen. Det var utruleg gøy. Og så er eg veldig mykje saman med venene mine, når eg har tid. Eg er veldig oppteken og er ofte vekke i helgene på møter og debattskuleringar. Så eg prøver å vere med venene mine så mykje som eg får tid til, seier 18-åringen.

– Er det litt vemodig at du har flytta frå Hareid?

– Eg vil alltid vere glad i Hareid, men eg har jo budd der heile livet mitt. Eg synest det er greitt å gjere noko anna, og tenkte det ville vere greitt å oppleve nye ting, ein ny stad og møte nye folk. Men eg synest det er mest kjekt å få flytte litt for seg sjølv, påpeikar ho.

Trist, men fint

I går var det ein veldig spesiell dag i Noreg, ettersom det var ei fireårsmarkering sidan terroråtaket på Utøya. Då lokalavisa snakka med Hansen tidlegare i veka, var det både ei vond og ei god kjensle før minnedagen.

– Sidan eg ikkje var der sjølv, så vil det ikkje vere like sterkt for meg som for dei som var der. Eg trur det blir tungt for mange.

– Men sommarleiren skaper ein plass både for å minnast dei vi mista og for å halde fram med den demokratiske debatten. Den kombinasjonen trur eg vil bli veldig fin.

– Det blir sikkert veldig trist, men samtidig gler eg meg til å skape nye minner der også, seier Hansen, som reiser til Oslo neste månad for å jobbe på AUF sin årlege sommarleiar.