Etter å ha drive eigen frisørsalong i elleve år fekk David Sikorski frå Polen moglegheita til å jobbe i ein salong i London. Der vart han verande i åtte månadar, før han gjekk vidare til Føhnix i Ulsteinvik.

– Eg fann ein jobbannonse frå Føhnix på internett. Så då sende eg CV-en min og vi vart einige. Hårklipping er den store lidenskapen min, så eg elskar å forandre folk. Eg likar både å lage litt «freaky» frisyrar eller ein meir klassisk stil – kva som helst! Så eg elskar å vere frisør, seier 37-åringen.

Som i hovudsak har vald å fokusere mest på herreklipp.

– Hår er hår, men eg føretrekker å klippe menn. Dei har som regel ikkje så mykje å klage over, og det er som regel enklare å gjere ein herreklipp, utdjupar han.

Skog og potetåkrar

Då Sikorski kom til Noreg for akkurat tre år sidan, var han ikkje heilt sikker på kva som kom til å møte han.

– Eg kjem frå midten av midten i Polen. Der er det eit absolutt flatt land, så der er det ikkje så mykje spanande. Berre skog og potetåkrar. Her så har eg både fjell og sjø, så eg synest Noreg har eit vakkert landskap. Så viss eg er heilt ærleg, så er eg meir lykkeleg her enn heime i Polen, smiler han lurt.

Men han reiser ofte heim, for både kona og hans to søner på ti og fire år bur framleis i heimlandet.

– Kona mi ville ikkje kome hit, så ho bur heime i Polen. Eg vil gjerne bli verande her, og eg ønskjer at kona og borna skal kome hit, men enn så lenge ønskjer ho å bu i Polen – og det forstår eg, forklarar Sikorski.

Språkkurs

Noko han ikkje forstår fullt så mykje derimot, er det norske språket.

– Eg kunne ikkje norsk då eg flytta hit, men eg begynte å lære litt etter at eg kom til Ulsteinvik. Men norsk er eit veldig vanskeleg og tungt språk for meg. Eg greier ikkje å forstå korleis eit så lite land kan ha to ulike språk, altså bokmål og nynorsk, seier han, og legg til:

– Eg har medarbeidarar som er frå Arendal, Fosnavåg og Oslo, og dersom eg spør om eit ord kan eg få tre svar. Det gjer meg svimmel. I Polen har vi berre eitt språk, og kan du det språket så kan du snakke med alle saman. Vi har kanskje tre dialekter.

Sjølv om  Sikorski har delteke på norskkurs for å lære seg språket, føler han seg mest komfortabel med å kommunisere med kundane på engelsk.

– I 99 prosent av tilfella er det ingen problem å snakke engelsk. De nordmenn er veldig flinke i engelsk. Eg derimot, har lært engelsken min gjennom «Sesame Street» og opphaldet i England. Eg har éin kunde, som er ein veldig artig type, som fortalde meg at han berre ville snakke norsk til meg. Og eg prøver å forstå så mykje som mogleg av det. Det hjelper at mange ord liknar på engelske ord, fortel frisøren, som har delteke på eit firetimars språkkurs éin gong i veka.

– Føretrekker du å snakke medan du jobbar, eller likar du å vere stille?

– Eg føler at eg jobbar best når eg er stille. Då tenkjer eg berre på jobben min, og eg ser korleis eg vil klippe linjene. Av og til kan det vere vanskeleg å fokusere når eg snakkar. Men sjølvsagt, av og til er det nokre kundar som likar snakke, og det synest eg er heilt i orden – eg er glad i å snakke eg også.

Kunstnaryrke

Polakken kan vise til eit lovande talent som frisør, og har studert ved frisørskular to gonger i Polen.

– Først studerte eg for å bli frisør, og så gjekk eg tre år til for å bli ein teknisk frisør. I 1996 kom eg også på sjetteplass i ein juniorfrisørkonkurranse. Men kven hugsar vel det? Folk hugsar vel berre førsteplassen, men det er likevel ein bra prestasjon, smiler han.

Sjølv om han har jobba som frisør mest i heimlandet, har han fått ei ganske så god oversikt over kva det norske folk ønskjer av hårfrisyrar. Han er veldig glad i å kunne hjelpe folk til å få ein frisyre dei likar.

– Eg trur det beste med å vere frisør er at ein får moglegheita til å forandre menneske. Det er ikkje ein «vanleg» jobb, ein er nesten ein slags kunstnar. Av og til er det berre ein vanleg dag på kontoret, som det heiter, men av og til kjem det nokon som ønskjer noko spesielt, og det gir deg sjansen til å gjere akkurat det ein vil, seier Sikorski oppglødd.

37-åringen dreg fram mobiltelefonen og viser fram nokre bilete av kundar han har hatt i heimlandet. Bilda viser kortklipte frisyrar med mønster i den lågaste delen av bakhovudet og langs sida.

– Er det mange her i Noreg som ønskjer slike hårsveisar?

– Nokre gjer det, men ikkje så ofte. Nordmenn er veldig tradisjonelle i hårstilen. Og i Polen går folk mykje oftare til frisør. Det kan gå om lag ti dagar til to veker mellom kvar gong. Men så er også prisen for ein hårklipp lågare i Polen enn her, meiner han.

Reiser ofte heim

Kor ofte, og kor lenge polakken blir verande i Ulsteinvik variert mykje, og det er avhengig av kor mykje kapasitet som trengst i salongen.

– Dei periodane det er mykje «trøkk» i salongen og mykje kundar, som til dømes rundt juletider, så blir eg her. Når eg er her, så blir eg her ofte i tre til fire månader, for eg begynner å sakne familien etter ei stund. Éin månad er det kortaste eg har vore her, og det lengste eg har vore her er i fire månadar i strekk.

– Korleis synest du det er å bu i Noreg då?

– Eg visste ingenting om Noreg då eg kom hit. Mange folk frå Polen trur det er det siste landet før ein kjem til nordpolen. Då eg drog var det om lag 30 grader i heimlandet mitt, og når eg landa her var det berre elleve grader. Så sjølv om eg hadde på meg to jakker fraus eg likevel. Samtidig såg eg barn gå rundt i t-skjorte og shorts. Det var eit sjokk for meg. De nordmenn må vere kuldesikre eller noko, flirer han, men erkjenner at han har blitt godt vand med vêrskilnadane no.

Og etter dei tre åra han har budd i Ulsteinvik har han funne seg godt til rette i sin andre heim.

– Det verkar som at alle har meir respekt for kvarandre. Det kan ha noko med at det bur langt færre her. Når eg sei at eg kjem frå ein liten by på 150.000 så seier alle «nei, det er jo ein stor by!», men i Polen så er det ein liten by. Men igjen, eg klipte ein indisk person ein dag, og han sa at han kom frå ein liten by på fem millionar, påpeikar Sikorski.

– Kva synest du er det merkelegaste med Noreg?

– Det må vere at butikkane er stengde på søndagane. Det var eit lite sjokk for meg. No veit eg at der er ein søndagsope butikk. Og så greier eg ikkje heilt å kjenne att lydane «æ», «ø» og «å». Eg høyrer ingen skilnad på dei, seier ein forvirra Sikorski.

– Ein flott ferie

På spørsmål om kva frisøren har drive på med denne sommaren, meiner han at å jobbe er hans måte å feriere på.

– Eg føler at kvar gong eg er her så er eg på ein flott ferie – og i tillegg får eg lønn! Sidan kona og borna er heime i Polen kan eg gjere akkurat det eg vil på fritida mi, så eg har det veldig fint. Det er litt trist å reise tilbake til Polen, men det er jo sjølvsagt kjekt å kome heim til familien også, presiserer han.

– Og kva gjer du på fritida di?

– Då prøver eg å lære meg språk, og så prøver eg å lære meg nye klippemetodar. Skal ein vere ein god frisør så må ein halde seg oppdatert, for det kjem nye teknikkar heile tida. I tillegg så likar eg å lese bøker, spele TV-spel som alle andre menn og så likar eg å ta ein fest ein gang i blant.

Det er enno ei stund til han treng å ta stilling til kvar han bur, men Sikorski erkjenner at det blir tøft å velje mellom Noreg eller Polen.

– Eg får eit problem med å bestemme meg, for halve hjartet mitt vil bli, medan den andre halvdelen vil vere i Polen. Samstundes så er det veldig dyrt i denne delen av Noreg. Eg vil nesten seie at det er dyrare her enn i London. Skal eg byggje meg eit hus er så må eg vel kanskje vinne i lotto eller noko slikt, konkluderer Sikorski.