– Det var litt sjokkerande. Vi var samla ved matbordet då pappa avslørte at vi skulle til Singapore. Eg både gret og flirte, og visste ikkje heilt kva eg skulle gjere.

Det fortel Ingvill Skaaren Pilskog som no er heime på sommarferie etter sitt første av tre år i Singapore, der ho bur saman med mor og far.

– Vi fekk vite det i desember, rett før skuleferien, og flytte dit i fjor sommar, etter at eg var ferdig på ungdomsskulen, seier Ingvill, som no går på den internasjonale skulen Overseas Family School.

Internasjonalt miljø

Ingvill fortel at ho var både spent, skeptisk og litt nervøs før flyttinga til andre sida av jordkloden, men at gode system ved den nye skulen gjorde det lettare for henne som ny elev.

– Alle dei nye vart samla, og ein raskt nye vener. Ein møter folk frå heile verda, og eg har fått bestevener frå USA og Sverige.

Ho ser svært positivt på at kontakta med nye, internasjonale vener.

– Ja, absolutt. Ein får vite meir om staden dei er frå, ikkje berre det ein høyrer og ser gjennom tv.

Ifølgje Ingvill har det tøffaste med å reise frå Ulsteinvik vore saknet av familie og vener.

– Eg saknar hunden, brørne mine som passar huset og alle venene mine. Det var trist å forlate dei, men eg veit at dei er der uansett.

Det verkar som at det første året på internasjonal skule har falle i smak, for Skaaren Pilskog fortel at ho kan sjå føre seg å studere vidare i utlandet på eit seinare tidspunkt, men at ho truleg vil heim til Norge først.

Sommarferie i Ulsteinvik

Skulekvardagen i Singapore er svært ulik den ho var van med frå Norge, mellom anna fordi det ofte er rundt 30 grader, men også fordi faga vert undervist på engelsk.

– Eg har lært mykje på engelsk, som eg ikkje kan på norsk, fortel Ingvill.

Til hausten skal ho byrje på eit IB-diploma, noko ho trur blir tøft.

– Det blir veldig mykje jobb, og eg må ha gode karakterar. Eg trur det blir litt mindre fritid, men ein får mykje igjen for det, meiner ho.

Med halvannan månad på heimebane har Ingvill merka seg nokre skilnader.

– Det er uvant utan skyskraparar, smiler ho.