Den venlege stemma som møter deg i andre enden av telefonen når du skal bestille den store familieferien til Rhodos eller byferien til Amsterdam, kan godt vere stemma til Ruth-Janne Kvalsund Bruksås. Som avdelingsleiar for ferieavdelinga til Via Egencia i Ulsteinvik, Via Tours, er ho ein av to tilsette som skreddarsyr reiser og opphald ved feriedestinasjonar kring om i verda.

– Korleis er det for deg, som til dagleg sel og planlegg feriar for andre folk, å plutseleg skulle finne ein ferie til deg sjølv og familien?

– Eg har jo fått rimeleg god trening då, så det er ikkje noko problem, seier Ruth-Janne og smiler.

Hytteliv og Polen-tur

Ruth-Janne og familien har oftast vore på campingturar i feriane sine, i eiga campingvogn. No er den selt, og eit nytt kapittel kan byrje. For no er ei ny hytte på Fjellsetra den nye destinasjonen for helgeturar og lengre opphald.

– I og med at vi bygde oss hytte, så har mykje tid gått med til å gjere arbeid på og rundt den. Eg har allereie hatt ei ferieveke i år, og då var vi på Fjellsetra for å jobbe med hytta.

I neste veke tek ho ut nye ei og ei halv veke med ferie.

– Då blir det nok rett inn til Sykkylven og Fjellsetra for meir jobbing.

Ho rekk akkurat å jobbe ei ny arbeidsveke etter dette, før ho og familien reiser ei veke til Sopot i Polen.

– Først reiser vi med direktefly frå Wizz Air til Gdansk, og vidare til badebyen Sopot, som ligg like ved, seier Ruth-Janne og legg til:

– Vi hadde eigentleg ikkje planar om solferie i år, men no blei det slik likevel. Akkurat i år var det prisen på reisa og opphaldet som gjorde valet greitt for vår del, og vi gler oss.

– Ikkje utprega «Syden-folk»

Til reiseplanleggjar å vere, og gjerne for dei som ynskjer seg til sydlegare eller varmare strøk, så er ikkje Ruth-Janne og familien spesielt interessert i typiske solferiar.

– Nei, vi er ikkje utprega «Syden-folk». Vi har ikkje vore meir enn eit par gongar til Syden som familie. Borna mine likar veldig godt campinglivet.

– Kva er ditt beste ferieminne?

– Det er vanskeleg å plukke ut eitt, men Svalbard var fantastisk. Elles så likar eg i grunnen best å ha god tid til borna mine, og nyte den flotte naturen vår.

– Kvar går draumeferien din då?

– Thailand. Borna mine har blitt såpass store at eg ikkje lenger hadde sett mørkt på den lange flyreisa, seier Ruth-Janne avslutningsvis.