Det er nok mange som kjenner på kjensla av at ein forbruker for mykje i løpet av jula - utan at ein heilt klarer å gjere noko med det. Jula er tid for kos, og å droppe julegåvene er for dei fleste ikkje noko reellt alternativ. Men, å leve meir berekraftig, sjølv i jula, er ikkje så vanskeleg som ein skulle tru, ifølgje Forbrukerrådet.

- Nokre medvitne val er alt som skal til for å få deg på god veg igjennom ei miljøsmart jul, seier Maren Van Buren Struksnæs, kommunikasjonsrådgjevar i Forbrukerrådet.

- Tenk haldbarheit

Ho har fleire konkrete tips til korleis ein kan vere meir miljøsmart i jula.

- Sjå på det du har før du skriv ønskelista. Mykje kan fiksast, og det er lett å få dobbelt opp om ein allereie har tingen. Tenk også på haldbarheit, kjøp gåver som kan reparerast, seier Buren Struksnæs og legg til:

- Kva med ein konsertbillett, kinotur eller gåvekort på ein middag eller telttur saman? Opplevingar og tenester er både miljøvennlige og personlege gåver som også gir folk noko å glede seg til også etter at jula er over.

Kommunikasjonsrådgjevaren meiner også at ein bør sjå etter miljømerka produkt når ein ser etter julegåver, og ikkje minst produkt som ikkje er farlege, verken for menneske, dyr eller miljøet.