Frå og med januar 2017 vil honnørkortet for uføretrygda og blinde få eit meir praktisk format, betre kvalitet og endra farge. Endringane kjem som følgje av tilbakemeldingar frå brukarane av dagens honnørkort. Dagens honnørkort vil framleis vere gyldig, slik at eksisterande brukarar ikkje treng å bytte til nytt kort. Det skriv regjeringa på sine nettsider. I løpet av januar vil NAV byrje å dele ut dei nye korta.

Det nye honnørkortet i bankkortformat vil framleis vere eit tilleggslegitimasjonskort. Ny farge på kortet er blå. Saman med annan legitimasjon gir kortet rett til honnørrabatt på reiser med transportmiddel som mottek offentleg støtte.

Fleire typar kort

Kortet gir også rett til honnørrabatt for medfølgjande ektefelle/registrert partnar uansett alder. Honnørkortet gjeld også for blinde og svaksynte som ikkje mottek uføretrygd.

Det grøne legitimasjonskortet for honnørrabatt for personer med døvblindheit har også fått bankkortformat og betre kvalitet.

Personar som innvilgast ei uføregrad på 50 prosnet eller meir, får automatisk tilsendt honnørkort frå NAV i høve vedtak om uføretrygd. Norges blindeforbund gir ut kort for blinde og svaksynte utan uføretrygd. Nasjonal kompetanseteneste for døvblinde sender ut det særlege honnørkortet til personar med døvblindheit.