Det er den største førekomsten på landsbasis, med sørlendingane hakk i hel. Det viser ei fersk undersøking gjort av analysebyrået YouGov på vegner av Allergiguiden.

Undersøkinga viser samstundes at bort i mot éin av fem på Vestlandet tyr til sjølvmedisinering. Det framfor å bruke medisinar på resept frå lege. Ekspertene meiner plagane mange nordmenn slit med gjennom våren og sommaren kunne vore unngått med riktig bruk av allergimedisin. Vestlandet er i tillegg landsdelen der flest føler seg vårslappe.

Studiar viser at det faktisk er ein samanheng mellom pollenallergi og utvikling av astma dersom allergien ikkje blir tatt på alvor. Risikoen for å utvikle astma firedoblast ved luftvegsallergi. Ei god behandling er difor heilt avgjerande for pollenallergikarar.