(NPK): Alle verkstader i Noreg skal vere godkjende av Statens vegvesen. Dette skal sikre at dei har kompetansen og verktøya som er nødvendig. I ei ny undersøking kjem det likevel fram at fleirtalet av bileigarane her i landet ikkje veit korleis dei kan identifisere ein godkjent verkstad.

– Funna er ikkje overraskande, men like fullt skremmande, seier avdelingsdirektør Jon Molnes i Statens vegvesen i ei pressemelding.

– På ulovlege verkstader veit du ingenting om kompetansen eller utstyret dei har. Konsekvensane kan i verste fall bli at du køyrer rundt i ein bil som er trafikkfarleg.

Svart arbeid

I granskinga svarer også nærmare ein av fire at det er greitt å reparere bilen svart i omgangskretsen deira.

– Eg trur ikkje folk nødvendigvis veit heilt kva det er dei er med på å støtte når dei gjer dette. Dei er med på å støtte kriminelle. Ikkje-godkjent verkstaddrift er gjerne knytt til fleire ulovlege forhold, som skattesvik og utnytting av dei som jobbar der. I tillegg går det sjølvsagt utover dei godkjente verkstadene som driv seriøst, seier Molnes.

Du har heller ikkje dei same klagemoglegheitene om du reparerer bilen svart.

– Mange reparerer nok svart fordi det verkar billigare. Men om jobben er utført dårleg, risikerer du å måtte betale dobbelt.

Liste over godkjende

Service og tilgjengelegheit er viktigast når bileigarar vel verkstad, tett følgt av pris og anbefalingar. Verkstadene finn dei hovudsakleg gjennom nettsøk og anbefalingar frå venner og kjenningar.

– Vi synest det er synd at berre 2 prosent oppgir at dei er innom nettsidene våre for å forsikre seg om at verkstaden er godkjent. Dette er det einaste staden du kan få heilt sikker informasjon om at ein verkstad er godkjent eller ikkje, seier Jon Molnes.