Vegvesenet har oversikt over godkjende bilverkstader.
(Foto: Illustrasjonsfoto/Knut Fjeldstad/NTB scanpix/NPK.)

Vegvesenet har oversikt over godkjende bilverkstader. Foto: Illustrasjonsfoto/Knut Fjeldstad/NTB scanpix/NPK.

– Bileigarar gjer utrygge verkstadval

Seks av ti bileigarar er ikkje i stand til å identifisere ein godkjend verkstad.

(NPK): Alle verkstader i Noreg skal vere godkjende av Statens vegvesen. Dette skal sikre at dei har kompetansen og verktøya som er nødvendig. I ei ny undersøking kjem det likevel fram at fleirtalet av bileigarane her i landet ikkje veit korleis dei kan identifisere ein godkjent verkstad.

– Funna er ikkje overraskande, men like fullt skremmande, seier avdelingsdirektør Jon Molnes i Statens vegvesen i ei pressemelding.

– På ulovlege verkstader veit du ingenting om kompetansen eller utstyret dei har. Konsekvensane kan i verste fall bli at du køyrer rundt i ein bil som er trafikkfarleg.

Svart arbeid

I granskinga svarer også nærmare ein av fire at det er greitt å reparere bilen svart i omgangskretsen deira.

– Eg trur ikkje folk nødvendigvis veit heilt kva det er dei er med på å støtte når dei gjer dette. Dei er med på å støtte kriminelle. Ikkje-godkjent verkstaddrift er gjerne knytt til fleire ulovlege forhold, som skattesvik og utnytting av dei som jobbar der. I tillegg går det sjølvsagt utover dei godkjente verkstadene som driv seriøst, seier Molnes.

Du har heller ikkje dei same klagemoglegheitene om du reparerer bilen svart.

– Mange reparerer nok svart fordi det verkar billigare. Men om jobben er utført dårleg, risikerer du å måtte betale dobbelt.

Liste over godkjende

Service og tilgjengelegheit er viktigast når bileigarar vel verkstad, tett følgt av pris og anbefalingar. Verkstadene finn dei hovudsakleg gjennom nettsøk og anbefalingar frå venner og kjenningar.

– Vi synest det er synd at berre 2 prosent oppgir at dei er innom nettsidene våre for å forsikre seg om at verkstaden er godkjent. Dette er det einaste staden du kan få heilt sikker informasjon om at ein verkstad er godkjent eller ikkje, seier Jon Molnes.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Mobbesaka i lagmannsretten:

Oktober-billettane vart fort rivne vekk

Nytt føredrag i februar

Siv Jensen, Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale samanlikna formuesskatten med friidrett:

- Som å starte 40 meter bak konkurrentane

Verdsmeisteren stod på stand for Jets:

Ingrid og Astri fekk møte sin store helt

Klima- og miljøvernministeren om Jets:

- Har mykje å bidra med