Grillmat er ikkje berre god mat, det er også ei stemning eller ein fest. Sjømat på grillen er sunt å ete og enkelt å lykkast med. Før det første er det proppfullt av sunt fiskefeitt, antioksidantar og vitaminar og du kan kose deg med godt samvit gjennom heile sommaren. Å lage desse grillspyda krev lite forarbeid. Laks og kamskjell er faste i fisken og det er enkelt å handtere både før og etter den har vore på grillen, derfor er det lett å lykkast.

Grilltips før grilling: Sørg for rein grill, bruk medium til høg varme og ikkje snu for tidlig. Sjømat på grillspyd steikast fort, så vi snakkar om 2- 3 minutt på kvar side. Grillspyd er lekkert, men for å unngå at grønsakene vert svidde og fisken for lite steikt, så set sjømaten på ein pinne og grønsakene på ein annan. Husk at grillspyd av tre bør ligge i vatn i ca. 30 min først, slik at det ikkje tek fyr når dei kjem på grillen.

Spennande grillspyd med laks, kamskjell og spekeskinke er god mat, spesielt når det er toppa med smakfull viagrette som du har laga sjølv. Du skal ikkje sove bort sumarnatta eller kokkelere vekk sumardagen, vel derfor sjømat på grillen!

Ingrediensar til 4 porsjonar

400 g laksefilet, utan skinn og bein

16 stk kamskjell

8 skiver spekeskinke

2 stk maiskolbe

2 stk sitron

8 stk trespyd

olje

Vinaigrette

2 ss tomat, soltørka

2 ss frisk bladpersille

2 dl olivenolje

1 dl eplecidereddik

2 ts dijonsennep

Framgangsmåte

• La trespyda ligge i vann i ca. 30 minutt.

• Skjer laksefileten i jamnstore bitar, like mange som det er kamskjell.

• Del kvar spekeskinkeskive i to på langs, og surr ein bit rundt kvar laksebit.

• Tre to kamskjell og to laksebiter på kvart trespyd.

• Pensle med olje og grill på høg varme, ca. 2 minutt på kvar side.

• Pensle maiskolbe med olje og grill i et par minutt.

• Del ein sitron i to og grill lett med snittsida ned.

Vinaigrette

• Finhakk soltørka tomatar og bladpersille, og ha i eit tomt syltetøyglass med lok saman med dei andre ingrediensane til vinaigretten.

• Rist godt til ein tjukk dressing. Du kan også røre kraftig med ein visp.

Server grillspyda med grilla mais, sitron og vinaigrette ved sidan av. Det smakar også godt med grønsaker og kokte småpotet på grillspyd til. Dette duftar av sjø, grilling og midtsommar!

Matspalta står på trykk kvar laurdag. Kari Ryslett og Mari-Lene Korsnes er spaltistar. Spalta er eit samarbeid mellom Vikebladet Vestposten og Møre-Nytt. OM SPALTISEN: Kari Ryslett arbeider med Matkultur- og helse ved Høgskulen i Volda. Ho har brei erfaring gjennom yrke- og arbeidsliv med mat, helse og opplæring frå ulike perspektiv. I Vikebladet Vestposten vil ho dele sine beste sjømatoppskrifter med lesarane og ho håper dette kan vere til inspirasjon til å velje å ete meir fisk og sjømat både til kvardags og i helga. Foto: Privat