(NPK-NTB): Klassekampen skriv at ny forsking frå Tidlig trygg i Trondheim-prosjektet ved NTNU i Trondheim viser at barn som går i såkalla basebarnehagar, har fleire konfliktar med lærarane etter skulestart enn barn i tradisjonelle avdelingsbarnehagar. Dei finn også at små barnegrupper fungerer førebyggjande for åtferdsproblem.

– Forholdet til barnehagelæraren er viktig for å utvikle god kjensleregulering og oppførsel. Det er betre grunnlag for å utvikle det i små avdelingar. I ein basebarnehage der barnet må ta omsyn til fleire vaksne per dag, mistenkjer vi at det er vanskelegare å få den nærleiken, seier professor Lars Wichstrøm ved psykologisk institutt NTNU.

I Tidlig trygg-prosjektet har forskarane studert åtferdsproblem hos 850 barn frå fireårsalderen i 153 ulike barnehagar og sett korleis dei klarer seg på skulen to år seinare. Dei har både studert effekten av basebarnehagar i forhold til avdelingsbarnehagar, og store og små grupper.

Basebarnehagane er prega av opne løysingar og meir aktivitet i fellesareal i store grupper. Forskarane fann at desse barna hadde høgare konfliktnivå med lærarane når dei begynner på skulen og hadde mindre nærleik til barnehagelærarane sine.

Vidare hadde barn med tidlege teikn på åtferdsproblem som gjekk i basebarnehage, over dobbelt så stor auke i konfliktnivå med læraren i første trinn, som barn frå avdelingsbarnehagar.

Forskarane fant også at gruppestørrelse, uavhengig av type barnehage, kan vere viktig for å førebyggje åtferdsproblem i dei første skuleåra.