Dei som bruker Norgesgruppens bonusprogram Trumf, har 1,2 milliardar kroner i uteståande bonusar som ikkje er henta ut.

Over halvparten av pengane er knytt til Kiwi Pluss, og blant Kiwis kundar er det 2.310 personar som har meir enn 10.000 kroner til gode, skriv NA24. Men å la bonusen bli på Trumf-kontoen er ikkje spesielt økonomisk og betyr blant anna at inflasjonen sakte, men sikkert reduserer den reelle verdien av det som står der.

– Det gjer ingen nytte der, dei forrentar seg ikkje. Samtidig misser du jo oversikt over økonomien når du klattar pengar ut på stadar du ikkje veit du har dei, seier privatøkonom Endre Reite i Sparebank 1.

– Du kan jo ende opp med å bruke kredittkort på noko, når du eigentleg hadde hatt pengar til å gjere opp, seier han og anbefaler folk å overføre pengane frå Trumf til ein vanleg bankkonto.

Coop oppgir ikkje kor mykje deira medlemmer har til gode som følgje av bonus og har ikkje kunngjort utbetalinga for 2017 enno. Deira medlemskonto gir renter når den årlege utbetalinga av utbytte er sett inn.