Meiner bransjen må sørgje for at folk et mindre salt:

Norsk = salt

Høgt saltinntak utgjer ein alvorleg helserisiko, og dei siste åra har matbransjen redusert saltinnhaldet i det skjulte. Heilt rett, meiner Helsedirektoratet.

Saltnivået i norske matvarer er redusert gjennom dei siste åra.  Foto: Illustrasjon/Unsplash.com.

Forbrukar

(NPK-NTB): Førebelse resultat frå Tromsø-undersøkinga viser at dagleg saltinntak for menn er 10 gram og 7,5 gram for kvinner, klart høgare enn dei norske tilrådingane på maksimum 6 gram per dag. Tiltaksplanen frå Helsedirektoratet hadde mål om ein reduksjon av saltinntaket på 15 prosent innan utgangen av 2018 og 30 prosent reduksjon innan 2025.

– Førebelse tal viser at saltinnhaldet i sentrale matvaregrupper allereie ligg på nivå med måla. Dette gjeld blant anna ei rekke brød og kjøttprodukt, seier divisjonsdirektør for folkehelse Linda Granlund i Helsedirektoratet til NTB.

Nordmenn er klar over at for mykje salt ikkje er bra. Det medfører risiko for høgt blodtrykk som kan føre til hjarte- og karsjukdom, den vanlegaste dødsårsaka i Noreg. Men når 70–80 prosent av inntaket kjem frå alminnelege matvarer som brød, spekemat, farseprodukt, ost og ferdigmat, som sausar og supper, då er det ikkje så lett å ha kontroll.

– Det er førebels vanskeleg å sjå og kjenne saltet i mange av desse varene. Sjølv om det går an å sjekke innhaldet på pakningen, ønsker vi ikkje at folk skal måtte nilese næringsinnhald og stresse med kva dei et heile tida. Løysinga er at bransjen og vi i fellesskap sørgjer for at det er mindre salt i maten, seier Granlund.

Avslører tal

Saltpartnarskapen blei inngått i 2015 av over 76 aktørar i matvareindustri, serveringsbransje, næringsorganisasjonar, forskingsmiljø, interesseorganisasjonar og styresmakter. I det skjulte har saltinnhaldet i tallause produkt blitt kraftig redusert. Hemmeleghald kjem av frykt for kundeflukt om folk høyrer at det er kutta ned på saltet. Fredag opplyser Orkla at dei i perioden 2013 til 2017 kuttet 130 tonn salt i pizzaer, supper, brødmiksar, sausar, dressingar og ketsjup. Det kjem i tillegg til eit saltreduksjonsarbeid som har gått føre seg jamt og trutt sidan 1983.

– Vi har redusert saltinnhaldet i suppene våre med inntil 50 prosent sidan 1983, og nye supper blir laga med mykje lågare saltnivå enn vi gjorde på 1980- og 1990-talet. I tillegg er saltinnhaldet i pizza kutta med opp mot 40 prosent sidan 2008, seier Linn Anne Bjelland Brunborg, som leiar avdelinga i Orkla for ernæring og god helse.

Norsk = salt

Norske mattradisjonar med preserveringsmetodar som graving, salting, røyking og speking har bidratt til ein forkjærleik for salt smak, og smaksvanar tar tid å endre. Det har vist seg at mange kundar reagerer med skepsis om dei får vite at saltet er kutta.

– Det er viktig at vi gjer saltreduksjonen gradvis slik at vi leverer på det forbrukarane våre vil ha og har forventning om å få. Vi må ha smakslaukane med på laget. Det hjelper lite å redusere saltet om kundane kjøper noko anna eller går heim og strør salt på maten, seier Bjelland Brunborg.

Tidlegare i veka fortalde Norgesgruppen–som består av kjedene Kiwi, Meny, Spar og Joker–at blant anna butikkbrøda deira er gjort grovare og mindre salthaldige utan at forbrukarane nødvendigvis er blitt gjort merksame på dette. Dei har ytterlegare reduksjon av saltsalet på 20 prosent som mål.

Orkla føler at deira 35 år med saltreduksjon nesten har ført dei i mål, men vil fortsette å halde saltnivået lågt.