Slår hol på "fredag den 13."-myten:

- Ein sikrare dag enn alle andre fredagar i året

Det meiner Tryg Forsikring å kunne bevise.
Forbrukar

Førstkomande fredag fell på den trettande dagen i månaden, noko som skjer ved minst eitt høve i året. Tryg Forsikring ønskjer å slå hol på myten om at fredag den 13. er ein spesielt utsett dag med tanke på ulukker.

Tradisjonelt sett er dette ein dag prega av gammal overtru, ein dag mange tenkjer på ulukke. I Italia er dette faktisk ein lukkedag.

– Fredag den 13. er faktisk ein sikrare dag enn alle andre fredagar i året. Statistikken viser at det skjer færre ulukker fredag den 13. Sjansen for å bli utsett for bilulukker denne fredagen er 12 prosent mindre enn andre fredagar og vi ser same tendensen for reiseskadar, brann-, vass- og personskadar, seier Espen Opedal, leiar i Tryg Forsikring.

Til og med talet 13 har vore sett på som eit teikn på ulukke. Mange plassar unngår ein framleis å nytte talet 13 i alt i frå gatenummer og etasjar til hotellrom og seterader på fly.

– Overtrua er sterk hos mange, og det skal ein ikkje kimse av. Når det likevel viser seg at fredag den 13. ikkje er ein så stor ulukkesdag som mange har inntrykk av, heng dette truleg saman med at folk viser ekstra varsemd denne fredagen, at dei tek færre sjansar enn normalt. Folk er medvitne kring fredag den 13. og tek sine førehandsreglar, seier Opedal.

Generelt sett ein ulukkesdag

Men om ein ser på den generelle statistikken er faktisk fredagane meir ulukkesutsette dagar enn dei andre dagane i veka. Det er både fleire trafikkulukker, reiseskadar, tjuveri og innbrot på fredagar enn andre dagar i veka.

– Men det har lite med magi og forbanningar å gjere, men skudast truleg meir at trafikken og stressnivået er større på fredagar enn på andre vekedagar. Folk skal rekkje over mykje på éin gang og reiseaktiviteten er langt større enn i resten av veka. Likevel ser ein at fredag den 13. ikkje skil seg ut negativt i ulukkesstatistikken, seier Espen Opedal.

Norstat gjennomførte ei undersøking på oppdrag frå Tryg Forsikring for nokre år tilbake, og der kom det fram et kvar tredje nordmann ser på seg sjølv som overtruisk. Dei mest overtruiske var nordlendingane, medan dei minst overtruiske fann ein i hovudstaden. Kvinner var langt meir overtruiske enn menn, og delen av overtruiske, både hos kvinner og menn, går ned kring 40-årsalderen og oppover. Blant dei overtruiske var ulukke mest knytt til at ein svart katt passerte vegen framfor dei, i tillegg til det å gå under ein stige.

 

Fakta om talet 13 og fredag den 13:
 

Det vil alltid vere minst eitt og maksimalt tre tilfelle kvart år der den trettande dagen i måneden hamnar på ein fredag. Det er når månaden byrjar på ein søndag at den 13. hamnar på ein fredag.

Talet 13 blir sett på som eit uheldig tal blant dei som reknar 12 timar dag, 12 timar natt, og 12 månadar i året, fordi det er eit usymmetrisk oddetal.

Det er mest i den vestlege verda tradisjonen med fredag den 13. er utbreidd, og mest innanfor dei engelskspråklege områda. Det er ingenting som tyder på at det er ein spesielt gammal tradisjon, og det finnast ikkje noko spesielt starttidspunkt for når dette blei ein ulukkesdag.

I kristen tradisjon blei fredagen oppfatta som uheldig fordi Jesus blei korsfesta og døydde på krossen langfredag. Talet 13 blir også kalla for "djevelens dusin", og ein kan ikkje halde ein skikkeleg heksesabbat utan at der er 13 hekser til stades.

Det finnast dei som har slik utbreidd angst for fredag den 13. at dei har fått diagnosen paraskevidekatriaphobia, ein nært beslekta diagnose av triskaidekaphobia, som er angst for talet 13.