Lite slår eit godt stykke brød saman med godt pålegg til lunsjmåltidet. Denne sandwichen med heimelaga focaccia, omnsbakte småtomatar, avokadomos, serranoskinke og mozzarella-ost utgjer ein solid lunsj eller enkel middag til dagar der ein ikkje orkar for mykje kokkelering med gryter og panner.

Omnsbakte tomatar er superenkelt å lage og gir tomatane ein nydeleg sødme og smaksrik aroma. Saman med god olivenolje, balsamico og urter kan du nesten kjenne smaken av det solrike Middelhavet på tunga. Focaccia kan du bake etter eiga favoritt-oppskrift eller gjerne etter mi oppskrift her.

Ingrediensar for ca. 4 personar:

Focaccia:

1 kg kveitemjøl

1 pk tørrgjær

1 ss akasiehonning

1 ½ ts salt

1 ss pizzakrydder merian, basilikum og oregano)

9 dl lunka vatn

maldonsalt & rosmarin

ca. ¾-1 dl olivenolje

Tomatar:

300 g småtomatar i klase (dulcita/piccolo/cherry)

2-3 ss olivenolje

2-3 ss balsamico

1 ts tørka basilikum

havsalt

Tilbehør:

4 stykke focaccia

grøn salatblanding

4 skiver serranoskinke

150-200 g mozzarella

2 modne avokado

chiliflak

sitronsaft

salt & pepar

Ha vatn i ein bakebolle og rør ut gjæren. Ha i honning, salt, pizzakrydder og mjøl og bland godt saman til ei klissete deig. Dekk til bollen og lat heve til dobbel storleik. Dekk ei langpanne med bakepapir. Ringle utover ca. halvparten av olivenolja. Hell deiga ut av bollen og over i langpanna. Dypp fingrane i litt olje og fordel deiga utover i eit jamt lag slik den dekkjer heile forma. Etterhev i ca. 45 minutt. Forvarm steikeomnen til 200 ºC. Ringle over resten av olivenolja og lag små hol over heile med fingrane. Strø på maldonsalt og rosmarin. Steik i ca. 15-20 minutt midt i omnen.

Skru ned omnen til 150 ºC. Legg tomatane i ei eldfast form og ringle over olivenolje og balsamico. Strø over basilikum og set midt i steikeomnen. Lat stå i i ca. 1 -1 ½ times tid. Dei er ferdige når dei har skrumpa saman og blitt mjuke. Strø over litt havsalt og skrap gjerne opp safta som har lagt seg i forma og ha over tomatane slik du får med all smak.

Sprøsteik serranoskinke og skjær opp mozzarella i skiver. Varm opp focaccia i steikeomnen i nokre minutt slik det blir lunt og godt. Skrap ut fruktkjøtet frå avokadoane og ha det i ei skål. Skvis over litt sitronsaft og krydre med salt og pepar. Bruk ein gaffel og mos grovt. Del foccacia i to slik du får botn og topp. Legg på salat på botnen og fordel litt avokadomos utover. Strø på nokre chiliflak og legg på serranoskinke. Topp til slutt med nokre skiver mozzarella og omnsbakt tomat og toppen av brødet.

Mari-Lene Korsnes er for tida student i Matkultur og helse ved Høgskulen i Volda, jobbar som butikkmedarbeidar og driv i tillegg matbloggen www.medhjerteformat.com. - Min store lidenskap her i livet er mat og då spesielt mat laga frå botnen av. Eg håper med dette å kunne inspirere og påverke andre til å eksperimentere og kose seg med matlaging. Foto: Privat