Innbyggjarane i Hareid får denne veka krav om å betale den første terminen av utskriven eigedomsskatt for 2014. Betalingsfristen er sett til 20. oktober.

- Sjølv om det er sendt inn klage på utmålt eigedomsskatt for 2014, skal kravet betalast innan betalingsfristen, opplyser Hareid kommune på nettsidene sine.

Der vert det også opplyst at kravet for den andre terminen mest truleg vert sendt ut saman med tredje terminkrav for kommunale eigedomsavgifter i byrjinga av november. Her vert betalingsfristen sett til rundt 20. november.

Dersom det syner seg at du betalt inn for mykje skatt, får du attendebetalt dette saman med ein rentekompensasjon på seks prosent dersom summen du har til gode er høgare enn 200 kroner.