- Kombinasjonen sterk vind og store nedbørsmengder fører til skade både på land og på vatn, seier kommunikasjonsansvarleg i Frende Forsikring, Heidi Tofterå Slettemoen.

Kvar einaste haust må Redningsselskapet heve båtar som har hamna under vatn. Mannskapet på redningsskøytene er opptekne av at båteigarane sjølve har hyppig tilsyn med båtane sine.

- Lauv og rusk i vind og regn, og litt frost i tillegg, så går sjølvdreneringa tett, seier skipper på RS "Odin", Svein Tore Mareliussen. Skipperen meiner det er dårleg drenering, eller at dreneringa går tett, som fører til at mange båtar hamnar under vatn.

Store skadar i fjor

I 2013 blei det rapportert om store vêrskadar ved fleire båthamner over heile landet. No har eitt krav blitt innført, som er å ha demparar på taua som ein nyttar som fortøying.

- Ofte må doble fortøyingar til, om båten skal ligge trygt. Ved melding om sterk vind blir det ofte anbefalt å sikre båten med ekstra spring, men sjølv ikkje det er godt nok, om tauverket er morkna, seier Slettemoen i forsikringsselskapet. Ho rår båteigarane til å bytte ut eldre tau med nytt, sterkare tau.

Ho fortel også at ein kan risikere bortfall eller redusering i erstatninga frå forsikringsselskapet om ein ikkje har festa båten slik at den kan klare seg i vêr og vind.