Natt til søndag er det igjen tid for å stille klokka éin time tilbake. Det har vi gjort kvart år sidan 1980.

Det var tyskarane som i 1916 var dei første til å innføre sommartid. Målet var å spare energi ved at folk fekk éin time meir dagslys om sommaren.

Storbritannia følgde etter, mens vi i Noreg ikkje byrja med dette på årleg basis før i 1980.

– Natt til søndag kan alle sove ein time lenger. Det gjer vi fordi både vi og alle i dei fleste nabolanda våre liker å nyte dei lyse sommarkveldane, seier tidsminister Mæland.

Departementet hennar har blant anna ansvar for Justervesenet, som held orden på tida.

Vi stiller klokka éin time tilbake klokka 3 natt til søndag. Da får vi éin time ekstra å sove på denne natta