(NPK-NTB): Dei neste vekene rykkjer omgangssjuka inn over landet. Vask hendene grundig med såpe og rennande vatn, er rådet frå Folkehelseinstituttet.

– Omgangssjuke med norovirus er svært smittsamt og kjem vanlegvis om hausten og vinteren. No er ein ny sesong på gang, fortel Folkehelseinstituttet.

Det viktigaste rådet for å unngå å bli smitta er å syta for god handhygiene. Handvask med såpe og rennande vatn er meir effektivt enn alkoholbaserte desinfeksjonsmiddel.

Dei sjuke er mest smittsame medan dei har oppkast og diaré, men dei er også smittsame i ein kort periode før symptomstart og eit par dagar etter at dei har blitt friske.