Lovendringa blei sanksjonert i statsråd 17. april, og ordninga trer i kraft fredag 1. mai.

– Vi har sett at særleg utanlandske sjåførar unndreg seg bøtene dei får og det er uheldig. Difor er det naudsynt å utvide adgangen til å halde tilbake køyretøy, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Auka trafikktryggleik

Dette gjeld også i tilfelle der bota ein får ikkje blir vedteke. Det skal ikkje lenger vere eit krav om at bota skal vere vedteken eller fastsett ved dom, før ein kan halde tilbake køyretøy, slik det er i dag. Noko anna som er nytt er at ein skal kunne halde tilbake køyretøy uavhengig av kvar føraren er busett. Det, i tillegg til at det blir opna for å halde køyretøy tilbake for å sikre at gebyr og kostnadar blir betalt.

– Adgangen for å kunne halde køyretøy tilbake er ein del av regjeringa si omfattende satsing for auka trafikktryggleik og ryddigare konkurranseforhold i transportnæringa, seier Solvik-Olsen.

Då etatane må skaffe naudsynt utstyr og få retningsliner på plass, vil det kunne ta noko tid før lovendringa blir effektivt teken i bruk.