(NPK-NTB-Johan Falnes): Dei neste åra skal det installerast 2,5 millionar nye straummålarar i Noreg. Desse skal overvake forbruket ditt time for time.

Nettselskapa er pålagt å skifte ut dei mekaniske straummålarane vi har i dag med nye digitale målarar innan 1. januar 2019.

– Dette vil ha mange fordelar, forsikrar vassdrags- og energidirektør Per Sanderud.

For det første får du ein meir presis straumrekning, påpeiker han.

– Straumprisen varierer kvar dag, men slik det er i dag, får du ein gjennomsnittspris for månaden. No vil du få rett pris for alt forbruk, og det blir målt time for time, seier han.

I tillegg får nettselskapa betre måledata, slik at dei kan planleggje straumnettet betre og investere pengane smartare.

Det meste står att

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjennomførte i vinter ei større kartlegging for å finne ut korleis nettselskapa ligg an. Ho viser at det aller meste av jobben står att.

Alle nettselskap melder inn at planen deira er å overhalde fristen som er sett, opplyser seksjonssjef Heidi Kvalvåg i NVE.

– Samtidig ser vi at cirka 70 prosent av dei 2,5 millionar nye målarane skal ut dei siste to åra før 1. januar 2019. Vi er veldig opptekne av at nettselskapa følgjer opp og prioriterer dette, seier Kvalvåg.

Sanderud trekkjer fram mangel på montørar som eitt risikoelement som kan føre til forseinkingar.

– Dersom alle kjem samtidig, kan det stresse installasjonsmarknaden. Så det er viktig at nettselskapa kjem i gang så fort som mogleg, seier han.

Må heim til alle

Før eller sidan vil alle straumkundar få ein førespurnad frå nettselskapet sitt om når ny målar kan installerast.

– Det må komme ein montør heim til deg og fysisk bytte ut den målaren du har i sikringsskåpet ditt, seier Kvalvåg.

Utgiftene til den nye målaren vil bli dekt inn gjennom nettleiga.

Hittil er det berre nokre få nettselskap som har fått på plass dei nye digitale målarane, deriblant Ringeriks-Kraft Nett i Hønefoss-regionen. Nye målarar er også begynt å komme på plass i Hvaler og Steinkjer, og i Stavanger-regionen har Lyse Elnett lagt ut informasjon på nettsidene sine om når montøren kan ventast.

Men dei fleste selskapa er framleis i planleggingsfasen, ifølgje Kvalvåg.

– Det er store logistikkoppgåver. Nettselskapa skal i praksis inn i alle norske heimar og bytte målar, seier ho.

Vil ha ned forbruket

Eitt av måla er å få ned straumforbruket hjå kvar enkelt kunde. Det kan blant anna skje ved at måledata blir brukt i kombinasjon med smarthusløysingar som styrer straumforbruket på automatikk.

– Vi trur det vil komme aktørar som tilbyr smarte måtar å styre straumforbruket i heimen på. Det vil bli enklare å få til dette når du har dei nye målarane, seier Sanderud.

Han trur det vil skje ei rask teknologisk utvikling dei neste åra.

– Du vil få løysingar på mobilen som gjer at du vil kunne følgje med på straumpris og forbruk. I tider der prisen er veldig høg, vil nok folk vere interessert i å følgje med på dette, spår NVE-direktøren.

Samtidig blir det opna for plusskundar, det vil seie kundar som sjølv produserer straum, for eksempel ved hjelp av solceller på taket. Desse vil vere avhengige av digitale målarar for å kunne selje straumen vidare.

– Dersom du har eit overskot av straum, kan du selje det tilbake til nettet, forklarar Kvalvåg.

Vassdrags- og energidirektør Per Sanderud har tru på at nye digitale straummålarar både vil gjere det lettare for forbrukarane å spare straum og for nettselskap å investere pengane betre. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK