- Det er bra for trafikktryggleiken, seier Jan Ivar Engebretsen, kommunikasjonsrådgjevar i NAF, Norges Automobil-Forbund.

8. juni trer ei ny forskrift i kraft, og det vil bli endringar i EU-kontrollen (periodisk køyretøykontroll). Dette vil merkast både for bileigarane, og for dei som utfører sjølve kontrollen. Til no har det vore 85 kontrollpunkt, medan det med forskriftsendringa vil vere over 150. I tillegg vil mange av merknadane som var gradert med "1" no bli gradert med "2", noko som vil bety at fleire feil må utbetrast.

- Meir tryggleik på vegane

- Er det alvorlege feil på bilen kan kontrolløren gje køyreforbod på langt fleire punkt for bremser, hjuloppheng og styring enn i dag. Fleire sjekkpunkt og strengare vurdering av feil vil gi meir tryggleik på vegane, meiner Engebregtsen i NAF.

Det har tidlegare ikkje vore noko grense på kor mange EU-kontrollar ein kunne tatt innanfor kontrollperioden, men frå og med 8. juni er regelen berre ein kontroll i perioden.